Vil du vere med på dugnad?

Vil du vere med på dugnad?

Bilete av spiserom med bord som det er stabla stolar oppå. - Klikk for stort bileteBilete frå eit spiserom på ein innkvarteringsbustad. Bente Engeseth Har du til og lyst til å vere med på dugnad i innkvarteringsbustadane for flyktningar onsdag 1. juni mellom kl. 15 og 18?

Vi skal busette flyktningar på fredag, og då er det kjekt om det ser fint ut når dei kjem. Vi treng hjelp til rydding, møblering, mottak av klede og utstyr som vert levert inn, og litt målearbeid. Send tekstmelding til Kristine Sofie på telefon 41 51 28 13 viss du har lyst å vere med, slik at vi har oversikt over kor mange som kjem. Då er det lettare å organisere arbeidet.

Takk for at du gjev av di tid og stiller som frivillig!

Adresse: Sjukehusvegen 6b, 6100 Volda (gamle hjelpepleiarskulen)

I samband med dugnaden tek vi imot desse tinga: 

 

Klede:

Alt må være nyvaska og heilt og helst sortert i posar etter størrelse. Vi har per i dag ikkje behov for vanlege kvardagsklede som bukse, genser og liknande til born. Vi vil kome med informasjon om kva vi treng dersom det oppstår behov.

  • Yttertøy vår/sommer til barn og vaksne. (Spesielt behov for vårdress/ vårbukse) 
  • Goretex-sko til barn 
  • Regntøy og gummistøvlar, alle str
  • Treningstøy, alle str
  • Innesko i god stand, til gym/idrett, barn
  • Fotballsko og leggskinner, alle str
  • Kle til dame, alle str
  • Nytt undertøy og sokkar, alle str
  • Ull og fleece, alle str

 

Diverse:

  • Skulesekkar, tursekkar og gymbagar (barn/voksen)
  • Matboksar og drikkeflasker
  • Syklar i god stand (må være med gir til voksen)
  • Sparkesykkel og skateboard
  • Sykkelhjelm/skatehjelm
  • Sykkellås 
  • Fotball/basketball/ volleyball ol.
  • Lego og Duplo
  • Dukke/dukkevogn 
  • Strandleikar og uteleikar (bøtte, spade, sklie osv)
  • Vognpose 
  • Leikematte baby
  • Hobbyting (perler, puslespel (komplett), plastelina, oppgavebøker, teikne-  og malesaker ol)
  • Hygieneartiklar (shampo, såpe, solkrem, toalettveske ol. Må vere uopna)
  • Fungerande PC/ smarttelefon/iPad /spelkonsollar (med lader) 
  • Fiskestenger
  • Gavekort på restaurant o.l
  • Fotballplakater
  • Gitar 
  • Strikketøy 

 

Interiør: 

  • Sengetepper  
  • Gardiner (helst korte)
  • Golvteppe/rye  (reint/gjerne vaska i maskin) 
  • Lampar (frittståande eller til nattbord) 
  • Grøne plantar som ikkje treng for mykje stell, evt. plastikk. 
  • Servise (minst 4 like) 
  • Kjøkenutstyr i god stand 
  • Mikrobølgeovn 
  • Støvsuger
  • Vannkokar
  • Lite kjøleskap
  • Liten fryser 

 

Møblar (må helst kunne leverast):

Send på melding til 91 79 03 47 om kva du har først. 

  • Sofa
  • Tvbord
  • Nattbord
  • Skrivebord
  • Spisebord og stoler 
  • Skohylle
  • Trådkurver 
  • Kommode 
  • Skohylle
  • Skjenk

 

Vel så viktig som ting er di tid: 

 

Forslag:

  • Invitere på leik på ein leikeplass
  • Invitere på tur, fisketur eller å samlast på f.eks Årneset 
  • Invitere på fisketur 
  • Har du barn i fritidsaktivitet og får høyre at eit nytt barn skal begynne der, tilby å hjelpe med transport av både forelder og barn. Gjerne sitt saman med dei på trening (spesielt dei første gongane)
  • Invitere med på trening
  • Bli flyktningguide gjennom Volda Røde Kors
  • Invitere nokon inn i di forening, trimgruppe, strikkeklubb osv
  • Invitere på middag 
  • Lage en sosial møteplass, der ein kan prate, leike og ete saman.

 

Arbeid?

Kan din arbeidsplass tilby jobb eller språkpraksis? Fleire av dei som kjem har eit stort ønskje om å jobbe, og har mykje arbeidserfaring frå heimlandet. Dei fleste snakkar ikkje norsk, men godt engelsk.  

Har du småjobbar du ønskjer å få gjort? Klippe plen, rake, måle, gjere hagearbeid? Ta kontakt med Volda Læringssenter, kanskje det er nokon av flyktningane som ønskjer å bistå.