Volda Demenskor startar opp etter sommarferie måndag 2.september. Har du lyst å vere med, anten som kordeltakar eller frivillig, so ta kontakt!
Volda demenskor —eit kor der musikkglede, samhald og openheit er sentralt.
Koret vart etablert i 2023, eit samarbeid mellom Nasjonalforeningen Hornindal demensforeining, Volda kommune, Høgskulen i Volda og frivillige lag og organisasjonar.
Har du lyst å vere med?
Å synge saman skaper fellesskap og glede, og er ein flott aktivitet for personar med demens som er glade i song.
Mange pårørande syng med i koret. Kvar korøving blir avslutta med eit kveldsmåltid. Der samtalar koristar, pårørande og frivillige rundt fint dekka bord.
Stad:
Musikkrommet på nye Volda ungdomsskule, Røysbakken 35
Tidspunkt:
Måndagar kl. 17-19.00
Leiing av koret:
Musikkterapeut Sunniva Ulstein Kayser og dirigent Ingrid Vik Henriksen.
Påmelding og spørsmål:
Kirsti Flø: 41205289 eller Anne-Sofie Egset: 97169915