Vil tilby bonusordningar for sjukepleiarar

Vil tilby bonusordningar for sjukepleiarar

Elsebeth Melle, Lise Charlotte Ekros, Astrid Dimmen og Ann-Sølvi Heltne er optimistiske til nytt tiltak i Volda kommune.Volda kommune ønskjer å rekruttere og behalde fleire tilsette med sjukepleiarkompetanse.

For året 2019 har Volda kommune innført ei prøveordning der det vert ei bonusordning for sjukepleiarar i kommunen.

Bakgrunnen for dette tiltaket er at kommunen har utfordringar med å rekruttere og behalde sjukepleiekompetanse. Dette er spesielt vanskeleg ved ferieavvikling og fråvær.

- Det er lite søknadar på stillingar som sjukepleiarar. Dette er ikkje unikt for Volda og gjeld på landsbasis, seier Elsebeth Melle, som er leiar for heimetenestene i Volda kommune.

Saman med Lise Charlotte Ekros, Astrid Dimmen og Ann-Sølvi Heltne er Melle positiv til tiltaka som no vert sett inn for å gjere stillingane meir attraktive.

Tilbyr bonusordning

- Innan 10 år etter at sjukepleiarar har vore tilsette, jobbar mange ikkje lenger i turnus. Då har dei gått vidare til andre stillingar eller starta i ny jobb, seier dei fire damene, som alle er utdanna sjukepleiarar.

I eit forsøk på å både rekruttere nye sjukepleiarar, samt behalde dei som allereie er tilsette, ønskjer Volda kommune no å setje inn bonusordningar for å gjere stillingane meir attraktive.

Dette i form av å auke i grunnløna med kr 15.000,- til alle sjukepleiarar i turnusarbeid med 80-100% stilling. Dette vil også gjelde for vernepleiarar i sjukepleiarstillingar.

I tillegg vert det å  etablere bonusordning til alle nye tilsette sjukepleiarar i turnusarbeid med 80-100% stilling, der det vert utbetalt kr 15.000,- etter fyrste året som tilsett, og så ytterlegare kr 15.000,- utbetalt etter andre året som tilsett.

Dette vil også gjelde for vernepleiarar i sjukepleiarstillingar.

Å auke løna, i tillegg til å lage meir gunstige arbeidstidsordningar, er også viktige satsingsområde framover.

Viktig ressurs

For at helse og omsorgssektoren skal levere gode tenester og gi tryggleik til brukarane og pårørande, må ein leggje til rette for at dei tilsette kan utvikle seg fagleg.

God rekruttering av sjukepleiekompetanse vert derfor drege fram som ein viktig faktor for å nå dette målet.

På nasjonalt plan er det ei klar satsing på å leggje til rette for at ein skal bu lenger i sin eigen heim. Det betyr samstundes at heimebasert omsorg må styrkast i åra framover.

Då er kompetanse innanfor sjukepleie avgjerande for å lukkast.