«Volda kommune har trygge born, unge og vaksne, som deltek meistrar og lærer». Dette er visjonen til Volda, og noko vi jobbar for. I Volda kommune skal det være trygt og godt å vekse opp. Likevel kan det oppstå utfordringar og vanskar som gjer at ikkje alle har det så bra.
«Kva er eigentleg ei BTI-kommune?», tenkjer du. Betre tverrfagleg innsats er ein samhandlingsmodell og ei satsing nasjonalt som skal sikre at born, unge og familiar skal få den hjelpa dei treng, så raskt som muleg.
Marthe Longva Strandbakken er koordinator tidleg innsats og som har, ilag med fleire i Volda kommune hovudansvaret for å sikre denne satsinga.
Etter eit politisk vedtak har det sidan mai 2022 vore jobba med BTI, der målet er at alle born, unge og familiar skal få rett hjelp til rett tid, og at vi kan kome tidleg inn med tiltak før utfordringane blir for store. BTI skal bidra til tidleg innsats, samordning og medverknad og er ei felles satsing for alle sektorane og tenestene i kommunen.
Vi vil gjere vårt beste for å fange opp og hjelpe barn og unge som treng det. På framsida til volda.kommune.no ser du knappen « BTI- Betre tverrfagleg innsats», når du trykker på denne kjem du fram til den digitale plattforma for BTI. Her finn barn og ungdom, innbyggjarane i Volda samt tilsette informasjon om kva ein skal gjer dersom ein er uroa for seg sjølve, sysken eller venar.
Dette er eit arbeid som er godt i gong, men det viktigaste og mest krevjande er vi midt i no: implementering av arbeidet og portalen. Er vi alle kjent med arbeidet er vi betre rusta til å lykkast for å gjer kvardagen endra betre for dei som treng det mest.
Alle har eit ansvar og alle kan hjelpe.
Her kan de gå inn på nettportalen og lese meir.