Volda Frivilligforum

Volda Frivilligforum

Møte i Volda Frivilligforum 4. november med kurs i søknadsskriving. Frist for påmelding 1. november. 

Velkomne til nytt møte for Volda Frivilligforum. 

Stad: Volda samfunnshus, festsalen

Tid: 4. november klokka 18.00–21.00

Program

  • Velkomen v/ Paul Ottar Thornes 
  • Trivsel i sentrum v/Gunnar Andenes presenterar sitt arbeid 
  • Kurs i søknadsskriving v/Øyunn Iversen 
     

Vi oppmodar alle om å ta med eigen pc sidan det er planlagt ei praktisk økt etter kurset. 

Vi serverer gratis kveldsmat, og ønskjer difor påmelding innan 1. november. 

Lenkje til påmelding Volda Frivilligforum (forms.office.com)

Det vert høve til å delta digitalt om ein ikkje kan møte fysisk. (Lenkje kjem seinare) 


Volda frivilligforum er ein samhandlingsarena for frivillig sektor i Volda kommune. 
Alle lag, organisasjonar, frivillige og andre interesserte er velkomne. 

Plakat om møte i frivilligforum 4. november 2025 - Klikk for stort bilete Plakat