Volda kommune følgjer opp saka etter arbeidsulykka

Volda kommune følgjer opp saka etter arbeidsulykka

Kommunedirektør Rune Sjurgard - Klikk for stort bileteOppfølging av tilsyn frå Arbeidstilsynet i samband med valdshending mot kommunalt tilsett.

Bilete av Kommunedirektør Rune Sjurgard

Arbeidstilsynet gjennomførte tilsyn i etterkant av arbeidsulykke i rus og psykisk helseteneste den 7. juni, der ein brukar hadde stukke ein tilsette med eit skrujern.

Arbeidstilsynet meldte attende til kommunen den 22. juni at dei har oppfatta det slik at tenesta ikkje hadde gjort ein skriftleg gjennomgang av ulykka, og heller ikkje at det hadde vore gjort noko vurdering av tiltak for å hindre liknande hendingar i framtida. Dei ba om ei attendemelding innan 24. juli og med pålegg innan 7. august om å få tilsendt:

  • Kopi av kartlegging og risikovurdering
  • Oversikt over gjennomførte tiltak og/el
  • Plan med frist for gjennomføring av tiltak
  • Skildring av korleis verneombod/tilsette sin representant har medverka

Volda kommune svara ut dette i brev til Arbeidstilsynet den 14. juli. Dette vart sendt elektronisk, men på grunn av ein elektronisk feil mottok ikkje Arbeidstilsynet brevet. Dei purra da automatisk til kommunen den 30. juli. Kommunen vart såleis gjort merksam på dette og sende svarbrevet på nytt.

Kommunen har vore i kontakt med Arbeidstilsynet i dag og fått forsikra at dei har motteke oppfølginga frå kommunen, og at pålegga er svara ut.

I media har det ikkje kome fram at kommunen følgjer opp saka. Vidare har det vore presentert feil fakta om at Arbeidstilsynet vil ileggje kommunen tvangsmulkt. Dette går ikkje fram av noko skriv, og Arbeidstilsynet stadfestar også munnleg overfor kommunen at dette ikkje er aktuelt.

Volda kommune har teke denne saka på største alvor. Kommunen har rutinar for førebygging og korleis handtere vald og truslar. Det har vore sett i gang tiltak for oppfølging i etterkant av denne konkrete hendinga. Det er planlagt vidare tiltak med tidsplan.

Skriv frå Arbeidstilsynet og oppfølgingsbrev med vedlegg frå kommunen ligg som vedlegg til denne saka.

Det er viktig for kommunen å ivareta arbeidsmiljøet for dei tilsette og sikre forsvarleg gode tenester for brukarane. Generelt sett har rus- og psykisk helseteneste i kommunane fått vesentleg auka utfordringar som følgje statlege reformer der kommunane har fått eit auka ansvar for tyngre oppgåver som tidlegare låg til langtidsinstitusjonar i helseføretaket.

Dokument i sak om arbeidsulykke 7. juni 2020
Tittel Publisert Type
Oppfølging av tilsyn frå Arbeidstilsynet etter arbeidsulykke - varsel om pålegg (L)(71364)

06.08.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Oppfølging av tilsyn frå Arbeidstilsynet etter arbeidsulykke - varsel om pålegg (L)(71364).pdf
Sladda versjon av varsel til Arbeidstilsynet

06.08.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Sladda versjon av varsel til Arbeidstilsynet.pdf
Vedlegg 1 - Skildring av hendinga - sladda versjon

06.08.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 1 - Skildring av hendinga - sladd.pdf
Vedlegg 10 - Korrespondanse med Hovudvernombod - sladda versjon

06.08.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 10 - Korrespondanse med Hovudvernombod - sladd.pdf
Vedlegg 2 - Risikoanalyse frå 2017, 2018 og 2019 - sladda versjon

06.08.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 2 - Risikoanalyse frå 2017, 2018 og 2019 - sladda.pdf
Vedlegg 3 - Korrespondanse om ROS-analyse 2020 - sladda versjon

06.08.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 3 - Korrespondanse om ROS-analyse 2020 - sladd.pdf
Vedlegg 4 - Rutinar for varsel, vald og trugslar

06.08.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 4 - Rutinar for varsel, vald og trugslar.pdf
Vedlegg 5 - Årshjul 2018, 2019 og 2020

06.08.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 5 - Årshjul 2018, 2019 og 2020.pdf
Vedlegg 6 - Prosedyre ved heimebesøk

06.08.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 6 - Prosedyre ved heimebesøk.pdf
Vedlegg 7 - Rutinar ved bruk av alarm - sladda versjon

06.08.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 7 - Rutinar ved bruk av alarm - sladd.pdf
Vedlegg 8 - Brev frå Arbeidstilsynet - sladda versjon

06.08.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 8 - Brev frå Arbeidstilsynet - sladd.pdf
Vedlegg 9 - Rutine for handtering av vald og trugslar

06.08.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 9 - Rutine for handtering av vald og trugslar.pdf