Karianne Sveen Orvik, koordinator velferdsteknologi i Volda kommune, Anne Joo Yun Skogseth og Dag-Vidar Baker frå Vitalthings AS, viser fram den nye modellen som er utvikla.
Rebecca Marí Haugen Vikene
Volda kommune først i verda med ny teknologi for tryggare omsorg
Volda kommune har teke eit stort steg framover innan velferdsteknologi, og er no dei første i verda som tek i bruk den nyaste modellen frå teknologiselskapet Vitalthings AS. Denne nyvinninga kjem til å gje betre oversikt og tryggleik for både tilsette bebuarar og pårørande – og vil i næraste framtid også bli aktuell for bruk heime hjå folk.
Frå nattbord til verdsnyheit
– Det er faktisk Volda som har fått installert den aller første av den nye modellen – ikkje berre i Noreg, men i verda, fortel Anne Joo Yun Skogseth frå Vitalthings AS.
Teknologien har blitt testa ut og vidareutvikla i tett samarbeid med Volda kommune og Volda omsorgssenter, og kommunen har vore ein viktig bidragsytar i utviklingsprosessen. Det starta med behov og innspel frå tilsette i utviklinga av den første modellen som heiter Somnofy. No har det resultert i eit pilotprosjekt med ny teknologi for overvaking av helse og søvnmønster. Den nye modellen, som er spesiallaga for kommunale helsetenester, heiter Guardian H10.
Tryggare og meir effektiv kvardag
Den nye løysinga vil etter kvart kunne samle data frå fleire ulike sensorar i eit felles system som kan brukast av både natt- og dagvakter. Sensorane måler blant anna pustefrekvens, bevegelse og søvnkvalitet – heilt kontaktlaust. Desse dataa gir helsepersonell verdifull innsikt, både i augeblikket og over tid.
– Nattevaktene brukar eit nettbrett for å få oversikt over status på alle rom. Dei kan sjå om folk søv, om nokon har stått opp, og korleis aktiviteten i romma er, forklarar Karianne Sveen Orvik, koordinator for velferdsteknologi i Volda kommune.
– Då kan dei prioritere å hjelpe dei som treng det mest, samstundes som dei har oversikt over resten av bebuarane.
Også på dagtid blir systemet nytta for å analysere helsetilstandar over tid. For eksempel kan endringar i pustefrekvens vere eit tidleg teikn på infeksjon, smerte eller andre helseproblem.
Tidleg varsling ved sjukdom
Teknologien har allereie vist seg nyttig ved å fange opp tidlege teikn på sjukdomsutbrot.
– Fleire gonger har vis sett at fleire bebuarar byrja å få auka pustefrekvens, og det viste seg seinare at det var covid. Då kunne vi setje i gang tiltak tidleg, seier Orvik.
Dette gir både dei tilsette betre arbeidsverktøy og pasientane betre oppfølging. I tillegg opplever pårørande større tryggleik, i vissheit om at tilstanden til deira nære blir overvaka på ein skånsam og moderne måte.
Framtida er nær
Systemet skal vidareutviklast og bli del av eit større digitalt system som samlar all informasjon frå dei ulike einingane i helse- og omsorgstenesta. Målet er eit felles og brukarvennleg grensesnitt der både alarmar, helseopplysningar og dagleg oppfølging er samla på éin stad.
– Dette er starten på noko stort. Vi kjem til å fortsette å bruke denne teknologien, og etter kvart vil vi få enda meir informasjon – ikkje berre frå søvn og bevegelse, men også meir detaljert data om helse og trivsel, avsluttar Orvik.
Karianne Sveen Orvik, koordinator velferdsteknologi, viser fram den nye modellen, Guardian , som snart skal overta etter Somnofy.
Volda kommune
Eit pilotprosjekt med potensiale
Volda kommune har altså ikkje berre teke i bruk ny teknologi – dei er med på å forme framtidas helsetenester. Med dette pilotprosjektet går kommunen i front for ei meir moderne, trygg og personleg omsorg.
Volda kommune har brukt Vitalthings Somnofy dei siste fem åra. I år tek dei i bruk Guardian H10 – vår nye diskrete, kontaktlause helsemonitor. Kommunen vil då ha over 200 einingar i drift på tvers av avdelingar og i heimetenesta.
– Det gir mindre fysisk belastning ved at nattevaktene ikkje treng å gå så mykje rundt på avdelinga. Psykisk er det òg betre, fordi vi har betre kontroll og oversikt over korleis pasientane har det, seier Karianne Sveen Orvik, som er koordinator for velferdsteknologi i Volda kommune.