Volda kommune har tilsett ny kommuneoverlege

Volda kommune har tilsett ny kommuneoverlege

Bilete av nytilsett kommuneoverlege,  Arne Dravlaus. Sit ved kontorpulten framføre dataskjermen på legekontoret.  - Klikk for stort bilete Volda kommune Det er Arne Drabløs  som har takka ja til stillinga som kommuneoverlege. Han tek til i stillinga 1. september.

Arne Drabløs  er godt kjent i kommunen, både fordi har er oppvaksen i Volda, nærmare bestemt Dalsfjorden, og fordi han har lang fartstid som fastlege i kommunen.

Av faglege kvalifikasjonar er Drabløs  spesialist i allmennmedisin.

Drabløs  har arbeidd på Volda legesenter sidan 2013, bortsett frå eit par år då han var i Oslo i samband med spesialisering. Drabløs trivst godt som fastlege, men vil no prøve seg som kommuneoverlege.

Det er mange kommunar som slit med å rekruttere kommuneoverlege, så kommunedirektør Rune Sjurgard seier at han er svært glad for at Drabløs har takka ja til stillinga.

Kommunen har også funne ein lege som vil overta oppgåvene til Drabløs  når han sluttar som fastlege og sjukeheimslege. Det er mangel på fastlegar i landet, og Sjurgard seier det er kjekt å registrere at Volda er attraktiv for dyktige legar.

Arne Drabløs  tek til som kommuneoverlege 1. september.

Organisatorisk er stillinga plassert i sektor Helse og omsorg og kommunalsjef i Helse og omsorg er næraste overordna.

For kommunen er det viktig å ha tilsett kommuneoverlege då denne stillinga skal dekke ei rekke viktige funksjonar.

Kommuneoverlegen er kommunen sin medisinskfaglege rådgjevar, og har mellom anna ansvar for samfunnsmedisinske oppgåver, administrative oppgåver knytt til økonomi- og personalansvar og fagansvar for all legeteneste i kommunen.

Kommuneoverlegen har fagleg ansvar for miljøretta helsevern, smittevern og helseberedskap. Stillinga har myndigheitsoppgåver etter Lov om psykisk helsevern, samt ivaretaking av andre oppgåver som i lovgjevinga er særskilt tillagt kommuneoverlegen. Kommuneoverlegen skal gje samfunnsmedisinsk rådgjeving i kommunen sitt folkehelsearbeid og i kommunen sin plan- og samfunnsutvikling. I tillegg ligg det til stillinga å saksbehandle politiske saker på fagfeltet og delta i kommunen si kriseleiing.

Volda kommune samarbeider med andre kommunar på helseområdet og er vertskommune for interkommunal legevakt.