Ingrid Opedal, leiar i styringsgruppa for Fairtrade Volda Ørsta og Kjell Petter Wiik, medlem i styringsgruppa.
Volda kommune
– Det er ei glede for meg, som leiar i styringsgruppa for Fairtrade Volda Ørsta, å dele ut denne prisen frå Fairtrade Norge. Kvart år blir Årets Fairtrade-kommune kåra. I år var det Fairtrade-hovudstaden Oslo som trekte det lengste strået, men – Volda og Ørsta var i finalen, og hamna på delt 2. plass. Det kvalifiserer både for heider, diplom og fine ord, sa leiar i styringsgruppa for Fairtrade Volda Ørsta, Ingrid Opedal.
– Volda kommune deler årleg ut prisar til personar og organisasjonar som har gjort ein særleg innsats. I dag var det derimot kommunen sjølv som fekk ei høgthengande utmerking, sa leiaren i styringsgruppa.
– Dette er eit bevis på langvarig og målretta arbeid for rettferdig handel og berekraftig utvikling.
Grunngjevinga for prisen
Utmerkinga Årets Fairtrade-kommune blir kvart år tildelt kommunar som har utmerkt seg gjennom sitt engasjement for rettferdig handel og berekraftig utvikling. Prisen anerkjenner kommunar som går føre som gode eksempel ved å integrere Fairtrade-prinsipp i sine innkjøp og aktivitetar. Prisen heidrar både dei konkrete tiltaka kommunane har gjennomført, og deira evne til å inspirere andre til å bidra til ei meir rettferdig verd. Gjennom sitt arbeid viser vinnarane korleis lokalt engasjement kan ha global betydning.
Fairtrade Norge har bestemt å gje kommunane Volda og Ørsta ein delt 2.-plass i utmerkinga «Årets Fairtrade-kommune». Utmerkinga blir gitt for desse kommunane sin langsiktige og kontinuerlege innsats for å løfte fram Fairtrade og berekraftig og etisk handel, og deira innsats for å involvere både næringslivet og innbyggjarane.
Volda og Ørsta er gode døme på at ein ikkje treng vere stor for å gjere ein forskjell.
Grunngjeving (her kjem berre nokre få stikkord):
Kommunane har sidan 2008 vist eit sterkt engasjement for rettferdig handel og berekraft.
Kommunane har auka andelen Fairtrade-merkte produkt i sine offentlege innkjøp. Volda har til dømes oppnådd ein imponerande auke i andelen Fairtrade-sertifisert kaffi.
Lokalsamfunnet har blitt engasjert, mellom anna gjennom årlege Fairtrade-veker, stand på Høgskulen, Grøn Festival, World Fairtrade Day og Volda-dagen. Lokale butikkar som har Fairtrade-varer i sitt sortiment, har også fått synleggjering.
Den interkommunale styringsgruppa, som inkluderer representantar frå kommunen og lokale organisasjonar, har vore ein sentral aktør i arbeidet.
Med sitt langvarige engasjement, konkrete resultat og sterke fokus på samarbeid har Volda og Ørsta kommunar lagt ned ein eksemplarisk innsats for Fairtrade, og er derfor verdige mottakarar av delt andreplass i Årets Fairtrade-kommune.
– Som de veit, har kommunestyret vedteke at Volda skal vere Fairtrade-kommune. Det betyr at de alle er mottakarar av denne prisen. Som politisk leiar er det naturleg at det er ordføraren som tek imot diplomet. Det er ikkje så stort, men eg håpar du finn ein godt synleg plass å henge det opp på, sa Opedal og overrakte diplomet til ordførar Sølvi Dimmen.
På diplomet står det:
Volda kommune får prisen for sitt framifrå engasjement for rettferdig og berekraftig handel, samt for å integrere Fairtrade-prinsippa i kommunen sitt arbeid.
Kriteria for å vere Fairtrade-kommune er:
- Å setje mål for kor stor del av kaffien og ei anna vare som blir kjøpt inn via innkjøpsavtalen, som skal vere Fairtrade-merkt.
- Å drive informasjonsarbeid for å få fleire, både innbyggjarar og næringsliv, til å velje Fairtrade-produkt.
– Det første hadde ein ikkje klart utan godt samarbeid med dei tilsette som gjer jobben i kvardagen. Eg vil trekkje fram innkjøpsrådgjevar Andreas Kiperberg og seksjonsleiar kjøkendrift Hege Daugstad for at de er så positive til å gjere dykkar del av jobben. Mykje takka vere dykk har Volda nådd ein imponerande % når det gjeld kaffiinnkjøp.
– Det andre hadde ein ikkje klart uten den felles styringsgruppa for Volda og Ørsta. Det er dei som står på stand, som serverer Fairtradekaffi på ulike arrangement, som gjer butikktestar, som skriv i avisa og på Facebook og mykje meir– alt på frivillig basis. Tusen takk!
– Og heilt til slutt: Eg er stolt av å bu i ein kommune som, i ein krevande økonomisk kvardag, greier å løfte blikket og sjå at alle dei fine orda om berekraft er lite verdt utan praktisk handling. Å vere Fairtradekommune er ein svært praktisk og konkret måte å delta i den store dugnaden det er å gjere verda til ein betre stad – for alle!
– Og så håpar eg pausekaffien vil smake ekstra godt i dag!
Ingrid Opedal avslutta med å tildele diplom til ordførar Sølvi Dimmen og Fairtrade-sjokolade som kommunestyret kunne kose seg med til kaffien.
Innkjøpsrådgjevar Andreas Kiperberg fekk Fairtrade-sjokolade som takk for innsatsen med styreleiar Ingrid Opedal
Volda kommune
Ingrid Opedal viste fram bilete av kaffibøndene som får rettferdig betalt for varene sine
Volda kommune