Kommunal rapport
Kommunebarometeret er eit produkt frå avisa Kommunal Rapport som gir innsikt i kommunane sine styrker og svakheiter. Det er eit verktøy som kan nyttast i arbeidet med å påverke lokale prioriteringar og utvikling. Kommunebarometeret samanliknar alle kommunane i landet, basert på 157 nøkkeltal innan 12 ulike sektorar. Resultatet er ikkje perfekt, men gir ein indikator, moglegheit til å stille spørsmål, og ikkje minst lære av dei beste. Tala er i hovudsak henta frå Kostra-databasen i SSB, tal for 2025. Det er i tillegg henta statistikk frå kjelder som Utdanningsdirektoratet, Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og Norsk kulturindeks frå Telemarksforsking.
Volda gjorde det best innanfor sektorane barnehage (5), grunnskule (32), klima og natur (79). Kommunen scora lågast innanfor vatn og avløp (249), barnevern (263) og økonomi (314). Plasseringane i parentes. Volda har over fleire år vore i toppen på barnehage, og i fjor den femte beste kommunen i landet. Volda er også blant kommunane som gjer det best innan grunnskule. Denne sektoren er blant dei tyngst vekta i Kommunebarometeret, noko som bidreg til at Volda kjem relativt høgt opp i det samla resultatet. Pleie og omsorg er òg tungt vekta, og her kjem Volda ut som nummer 98 av 357 kommunar. Andel undersøkingar gjennomført innanfor 3 månader og andel barn under omsorg som har omsorgsplan trekkjer ned for barnevernet. Andel av vatn som går tapt i lekkasje trekkjer ned for vatn og avløp. Høg lånegjeld og negativt netto driftsresultat trekkjer ned når det gjeld økonomi.
Volda kommune høyrer til i kostragruppe EKG07. Denne gruppa består av 38 kommunar, og omfattar kommunar med 10000–19999 innbyggjarar og låge frie disponible inntekter per innbyggjar.
Oversikt over rangering Volda og Ørsta
| | Volda | Ørsta |
| Total rangering | 77 | 138 |
| Grunnskule | 32 | 55 |
| Pleie og omsorg | 98 | 137 |
| Barnehage | 5 | 36 |
| Økonomi | 314 | 312 |
| Helse | 101 | 279 |
| Sosialtenesta | 165 | 153 |
| Kostnadsnivå | 227 | 151 |
| Kultur | 136 | 235 |
| Barnevern | 263 | 235 |
| Klima og natur | 79 | 71 |
| Sakshandsaming | 132 | 235 |
| Vatn og avløp | 249 | 74 |
Oversikt over alle kommunar sine plasseringar i siste kommunebarometer.