Volda kommune stettar kravet til lærarnorm ved Øyra skule
Tal som vart rapportert for Øyra skule pr 01.10.24, viste at skulen ikkje stetta kravet til lærarnorm. Dette har Statsforvaltaren påpeika i brev til kommunen.
Illustrasjonsfoto: Lærar i Voldaskulen
Volda kommune
Ein ny gjennomgang av tala ved skulen, viser at skulen oppfyller kravet til lærarnorm både på 1.-4. klasse og 5.-7. klasse. Dette har Statsforvaltaren no fått brev om frå Volda kommune.
Publisert 28.02.2025 08:35
Sist endra 28.02.2025 08:35