Volda lanserer MinEigedom

Volda lanserer MinEigedom

Illustrasjonsbilete: MinEigedom Volda kommune lanserar i dag MinEigedom - eigedomsopplysningar tilgjengeleg heile døgnet.

Tenesta gir deg oversikt over eigendomen og kommunale tenester knytt til eigedommen/-ane du er heimelshavar på. Den gir mellom anna oversikt over adresser, matrikkeldata på bygg og eigedom, eigedomsgebyr og faktura, eigedomsskatt, kart, vassmålar, feiing, septik og renovasjon. Du kan også sende meldingar via tenesta. 
 
Innlogging via ID-porten
ID-porten er ei felles innloggingsløysing for offentlege tenester på nett. For å logge deg inn på tenester frå stat og kommune, også Volda kommune, må du ha elektronisk ID. Via ID-porten kan du nytte innlogging via fem alternativ for elektronisk ID (minID, BankID, BankID på mobil, Buypass, Commfides eller Buypass ID på mobil). Ein elektronisk ID er viktig for å bekrefte at du er den du utgir deg for å vere.
 
Lenke til pålogging via ID-porten 
 

Kontakt

Jarl Martin Møller
kommunalsjef
E-post
Mobil 97 50 67 61