Volda Mat er sertifisert Miljøfyrtårn

Volda Mat er sertifisert Miljøfyrtårn

Enda ei bedrift i Volda fekk sertifisering av Miljøfyrtårn. Denne gongen var det Volda Mat som tok imot diplomet.  

Dei tilsette på Volda Mat tek imot diplomet frå ordførar Sølvi Dimmen. Stian Woo Andersson

Fredag 26. Januar tok dagleg leiar av Volda Mat, Hege Skurtveit, imot Miljøfyrtårn-diplomet frå ordførar Sølvi Dimmen.  

Volda Mat har lagt inn mykje innsats for å redusere energiforbruket sitt. I 2023 installerte dei solcellepanel på taket sitt, noko som gjorde at dei kunne produsere litt av energien dei behøver sjølv. 

Når vi brukar så mykje, så er det vårt ansvar å søkje nye måtar å redusere forbruket, seier Skurtveit. 

Matlagingsprosessane deira krev mykje vatn, men dei har minska forbruket av vatn betydeleg. Skurtveit fortel at dei ein gong vart ringd opp av kommunen og spurd om målingane deira var riktige, sidan forbruket var så kraftig redusert. 

I talen ved overrekkinga av diplomet seier Sølvi; - Arbeidet som er nedlagt fram mot sertifiseringa viser at dykk tek miljøet på alvor og viser samfunnsansvar. Det gjer godt å gjere godt, avsluttar ho. 

 

Gammal lokalbedrift 

Kjølelager på Volda Mat. Stian Woo Andersson

Volda Mat har vore i drift sida 1942. Dei produserer tradisjonell fiskemat, i tillegg til mellom anna bacalao og potetball. Ein finn produkta deira i dei fleste daglegvarebutikkane på Sunnmøre, og delar av Trøndelag, Romsdal og Vestland.  

 

Hensikta med Miljøfyrtårn 

Miljøfyrtårn er ein organisasjon som assisterer og sertifiserer verksemder for å møte kriterium for klima- og miljøpåverknad. Desse kriteria byggjer på prinsipp om eit godt miljøleiingssystem - og korleis dette skal fungere og ha ein varig, positiv verknad på klima og miljø.  

Verksemder sertifisert av miljøfyrtårn skal vere rusta til å møte framtidige utfordringar i eit arbeidsliv som heile tida endrar seg.