Volda og Ørsta er i gang med fagleg samarbeid for kart- og oppmåling

Klikk for stort bileteFrå venstre: Bjørn Ole Vassbotn (Einingsleiar byggesak og oppmåling, Ørsta kommune), Jostein Vatne (kart og oppmåling, Ørsta kommune), Guttorm Øye (kart og oppmåling, Ørsta kommune), Erlend Sporstøl Vikestrand (kart og oppmåling, Volda kommune) og Frank Thommessen (kart og oppmåling, Volda kommune). Maria Engeseth Oppstartsmøte vart gjennomført tysdag 8. september på Ørsta rådhus. 

Samarbeidet vil ha fokus på praktisk oppmålings- og kartarbeid. Planen er i fyrste omgang å møtast fyrste tysdag kvar månad.

Målsettinga er at Volda og Ørsta i fellesskap skal heve kunnskapen om oppmålingsforretning og kartarbeid, slik at det kjem innbyggjarar og næringsliv til gode i begge kommunar. Kart av beste kvalitet og rasjonelt arbeid med oppmåling medfører at alt frå planlegging til prosjektering, søknad, sakshandsaming og gjennomføring går betre.

Dei tilsette innan kart- og oppmåling i begge kommunane har god utdanning og praksis i grunn, og vil no lære av kvarandre gjennom erfaringsutveksling. Godt fagleg arbeid og gode rutinar kan gjere at vi kan rasjonalisere arbeidet og levere ei enno betre teneste for innbyggjarar og næringsliv.