Volda sitt nye landemerke er tent!

Volda sitt nye landemerke er tent!

Fredag 26. mars vart fyrlykta tent av ordførar Sølvi Dimmen med honnør frå Lauvstadferja.

Å tenne lys har ein fin symbolsk verdi i denne tunge tida som pandemien har ført oss inn i. 

Tenning av fyrlykta vart gjort utan markering. Det skal vi invitere til ved eit seinare høve.   

Oppdraget som ordføraren fekk i dag var å tenne denne fyrlykta som er over 100 år gamal og som kommunen har fått låne med Dalsfjord fyrmuseum, ei fyrlykt som er utstyrt med lampe og sektorar og som vonleg vil stå her å lyse i kanskje 100 år til.

No er ikkje Voldsfjorden av dei vanskelegaste farvatna å navigere i - den er djup og oversikteleg og dei fleste båtane har moderne utstyr ombord som gjer at dei vil greie seg godt utan lyset frå fyret. Men det er rart med det: å ha ei fyrlykt i sikte når ein seglar i mørkret gir alltid ei god kjensle - ei utsegn med overføringsverdi.
 

Prosjektleiar Torgeir Stensø fortel om prosessen og arbeidet som er gjort 

Lampa og lykta er innmålt av Kystverket - dvs at ho no er angitt i sjøkartet og sett opp med ein eigen lyskarakter (blinke- frekvens) - som gjer at ho skil seg frå dei andre fyra i området og gjer at sjøfolk enklare kan finne ut kor dei er og om kursen er trygg. 

Bakgrunnen for at fyrlykta vert plassert her er først og fremst at vi gjennom arbeidet med sentrumsprosjektet har ønska å sette fokus på viktige sider av vår lokale kulturarv -  spesielt frå området Dalsfjorden og Folkestad - der folk gjennom generasjonar har vore med å bygge fyr og å sette opp sjømerke langs heile norskekysten. Ved å montere denne fyrlykta ønskjer vi å fortelje litt om denne historia her i sentrumsområdet og samtidig reklamere for det flotte fyrmuseet i Dalsfjorden. Dette er ein del av vår identitet som voldingar og det fortel andre - og oss sjølve - noko om oss som bur her og generasjonane føre oss.
 

Dette er også bakgrunnen for at vi ønskjer å byggje ein 12m lang Møringsbåt med rigg og segl som skal få sin faste plass på gjestebrygga - like ved fyrlykta.

Den gamle fergekaia har også fått ei ansiktsløfting med ny front og den nye gjestebrygga kom på plass i fjor. Med dei nye tiltaka vil Hamna stå fram som eit flott trivselstiltak i sentrum.


Lykta har ikkje kome hit av seg sjølv.
Det starta med kontakt mellom Dalsfjord fyrmuseum v/Frode Pilskog og Volda kommune for fleire år sidan der vi fekk lovnad om ei lykt til hamna i Volda som vi kunne installere som del av fleire tiltak i sentrumsprosjektet.

Så fekk vi kontakt med Dalen Industriservice AS i Gursken som tok på seg å restaurere lykta noko som vart utført på ein aldeles glimrande måte.

Dei som har gjort grunnarbeidet, fundamentarbeidet og montert lykta er Ulstein Entreprenør AS. Dei har også gjort ein kjempegod jobb og fortener stor takk for det. Det same gjeld for dei som har vore prosjekterande: Nordplan AS.

I utgangspunktet tenkte ein ikkje at lykta skulle vere aktiv som seglingsmerke i den forstand at ho skulle vere forsynt med lys og sektorar, men vi fekk kontakt med nokre ivrige lokale fyrfolk - den eine med jobb i kystverket Stein Jarle Løvik, den andre styrmann på ferga Steinar Lyngnes. Kystverket vart kopla på og saman med desse karane vart det montert og innmålt  lys og sektorar i fyret. Vi fekk besøk av den flunkande nye båten til Kystverket: OV Hekkingen med skipper frå Volda ombord.


Dette vart gjort utan at det er kome noko rekning for arbeidet. Tusen takk for bidraget dykkar!

Dette tiltaket er som nevnt ein del av sentrumsprosjektet i Volda og er finansiert av Volda næringsforum, Møre og Romsdal fylkeskommune v/tettstadprogrammet og Volda kommune.

I "Gavlen", 2021 - 41. årgang (PDF, 11 MB), Musea på Sunnmøre, Sunnmøre Museumslag kan du også lese om fyrlykta på side 29 og 30.

 

Her kan du sjå video: https://fb.watch/4u4RnP3fXC/