Tilfeldig uttrekning
Kven som blir flytta, blir trekt ut tilfeldig av Helfo. Verken kommunen eller legane kan påverke dette. For dei aller fleste pasientane blir det ingen endring. Dei som får ny fastlege vil framleis høyre til ved Volda legesenter og møte mykje av det same personellet som før.
Fastlegetenesta i Volda er svært etterspurd. Mange ønskjer fastlege i kommunen, og det er framleis lang venteliste på fleire av listene. Samstundes har alle innbyggarane i Volda i dag ein fastlege.
Kommunen er ansvarleg for at vi har tilstrekkeleg kapasitet i fastlegeordninga. Vi har mange studentar som flyttar hit, og andre som ønskjer fastlege i kommunen. Politikarane har derfor prioritert auke i fastlegekapasiteten. I første omgang var det ny fastlege i Hornindal, men no er det Volda sentrum sin tur. Den nye heimelen vil styrkje fastlegetilbodet og gi betre kapasitet til å møte behova til både nye innbyggarar og eksisterande pasientar. Når ein ny fastlege startar opp, er det vanleg at nokre pasientar blir flytta frå eksisterande lister for at den nye legen raskt skal kunne tilby eit stabilt og godt fastlegetilbod. På sikt vil ein auke opp igjen listekapasiteten til fleire av legane ved senteret.
Blant ni søkjarar var det Guro Dørum Kleiva som fekk den nye heimelen. Kommunen har sendt inn søknad til Helfo om at ho får starte i ny fastlegeheimel 1. september 2026 ved Volda legesenter. Ho har erfaring frå både Ørsta Helsesenter, Volda sjukehus og Volda legesenter, der ho har vore fastlegevikar i om lag tre år.
Vi er glade for å få Guro Dørum Kleiva med på laget og ser fram til at ho skal styrkje fastlegetilbodet i Volda. Dei som får ho som fastlege, kan vere trygge på at dei vil få god oppfølging og framleis få hjelp ved same legesenter som før.