Volda ungdomsråd søker nye medlemmar

Volda ungdomsråd søker nye medlemmar

Volda kommune søkjer engasjerte ungdommar til å vere med i Volda ungdomsråd.

Ungdomsrådet på synfaring på Volda samfunnshus - Klikk for stort bileteUngdomsrådet på synfaring på Volda samfunnshus med Mats Dahle Svoren før opninga i februar 2025. Line Malvik, Volda kommune

Ungdomsrådet er eit viktig talerøyr for barn og unge i kommunen og skal gi råd til politikarane i saker som gjeld oppvekst, fritid, kultur, miljø og andre område som rører ungdom.

Ungdomsrådet er ein plass der du kan påverke, lære og få erfaring som kjem godt med seinare i livet. Du får vere med på å setje dagsorden og bidra til at Volda blir ei betre bygd å bu i.

Kven kan søkje?

Alle mellom 13 og 19 år som bur i Volda kommune kan søke om å bli medlem. Du treng ikkje ha erfaring frå før – berre ha lyst til å engasjere deg og ha meiningsytringar du vil dele. Du får lære korleis kommunen fungerer og får erfaring med politikk og organisasjonsarbeid. Ungdomsrådet består av ungdomar frå bygdene og frå sentrum som saman får vere med på spennande prosjekt og arrangement. Som ungdomsrådsmedlem kan du påverke saker som gjeld deg og venene dine – frå fritidstilbod til skule og miljøspørsmål.

Ungdomsrådet følgjer ungdomstilboda i Volda

Ungdomsrådet har dei siste åra vore tett involvert i viktige prosjekt for ungdom i Volda. Rådet har følgt arbeidet med samfunnshuset og renoveringa av dei nye lokala til ungdomsklubben, og har vore pådrivarar for å løfte fram ungdom sine behov i prosessen.

Ungdomsrådet har òg stått bak kulturtiltak for ungdom, mellom anna ein gratis ungdomskonsert på Studenthuset Rokken, med artistar som Tyr, Anakin og Justin på scena

Er du nysgjerrig kan du lese meir om ungdomsrådsarbeid her: https://www.e-ung.no/hva-er-ungdomsrad/

Søknadsskjema Volda Ungdomsråd: https://skjema.volda.kommune.no/skjema/VOL124/

Frist for å søkje er 12. september.

For spørsmål ta kontakt med koordinator Line Malvik, line.malvik@volda.kommune.no.