Volda ungdomsskule vann gjev pris

Volda ungdomsskule vann gjev pris

Volda kommune var arrangør for den første First Lego League turnering for Søre Sunnmøre og finale gjekk av stabelen 11. november på den nye ungdomsskulen i Volda. 

Spelematter med legoDet var Klasse 8D frå Volda ungdomsskule som vann Champion prisen på Søre Sunnmøre 2023. 

First Lego League er verdens største teknologi- og kunnskapskonkurranse som inspirerer barn og ungdom til å bli interessert i realfag og teknologi. I år var temaet "Kunst og Kultur", og deltakarane måtte bruke teknologi til å forbedre formidlingen av kunst og kultur for å engasjere andre, og oppmuntre til kreativitet og innovasjon. 

Fleire skular imponerte juryen og klasse 8D frå Volda ungdomsskule får no sjansen til å delta i den skandinaviske finalen, som skal haldast i Mo i Rana i desember. Der vil dei møte dei beste laga frå Noreg, Sverige, Danmark og Finland, og konkurrere om ein plass i den internasjonale finalen i Bodø. 

Turneringsleiar for First Lego League på Søre Sunnmøre, Audun Hopland, seier at han er svært nøgd med arrangementet, og at det var fantastisk å sjå så mange engasjerte og dyktige elevar. Han fortel om god respons frå dei involverte og samarbeidspartnaren Sparebanken Møre, og at ein håper å gjere dette til ein årleg tradisjon. Han seier også at First Lego League er ein god måte å lære om teknologi, samarbeid og problemløysing på, og at det vekker stor interesse for realfag og teknologi blant barn og ungdom. 

 Turneringa var open for alle skulane på Søre Sunnmøre. 

Prisvinnarar: 

FIRST LEGO League Champion 1. plass- Klasse 8D Volda ungdomsskule 

Kjerneverdiprisen - Bratteberg skule 6.klasse 

Prosjektprisen 1. plass - Bratteberg skule 6.klasse 

Robotkonkurransen 1. plass - Klasse 8D Volda ungdomsskule 

Robotkonkurransen 2. plass - Mork 7. klasse 

Teknologiprisen 1. plass - Mork skule 5/6-klasse