Volda ungdomsskule - varsel om utkopling av kommunalt hovudfiber

Volda ungdomsskule - varsel om utkopling av kommunalt hovudfiber

Steinar Kilen

Informasjon til instituasjonar som vert råka som følgje av omkoplinga.
I samband med prosjekt nye Volda ungdomsskule helde vi på å leggje om hovudfiberen som i dag går via eksisterande skule. Ny trasé er etablert og det meste ligg klart for ein permanent omkopling av fiberen.

Nyeskulen har behov for nettverk før 1. mars. Det er difor ynskjeleg å gjere omkoplinga så fort som råd. Hovudfiberen må koplast ut ved omkoplinga, noko som vil føre til nedetid på kommunalt nettverk, difor vert omkoplinga utført på natta.

Kommunalt nettverk vil bli kopla ut tysdag 7/2 klokka 23.00 og være nede til onsdag 8/2 klokka 03.00.

Dersom noko uføresett skulle skje kan ein risikere at nettverket også er borte deler av morgonen onsdag den 8/2.

Institusjonar som har kritiske funksjonar som er avhengig av nettverk døgnet rundt må gjere nødvendige tiltak for å sikre dette. SSIKT kan truleg hjelpe til med å ordne alternative løysingar.

Følgjande samband vil gå ned i samband med omkoplinga:

  • Volda Ungdomskule
  • Øyra skule
  • Volda Brannstasjon
  • Volda Campus (ikkje oppkopla)
  • Bratteberg Skule
  • Vikebygda Skule
  • Bratteberg barnehage
  • ROP bustader
  • Bømarka
  • Oppigarden Barnehage
  • Folkestadtun
  • Folkestad skule
  • Myrtun kommunelager
  • Telefoni levert av SSIKT over internett

 

Følgjande samband har redundant fiber frå Nordfjordeid og vil ikkje gå ned, men forbindinga frå Eid kan være ustabil:

  • Samband til Hornindal (Smia, helsehuset, omsorgssenter, Verslavegen, Hornindal skule, Hornindalshallen, brannstasjonen, renseanlegget mm)
  • TUSSA IKT leverer TV via kommunal fiber til deler av Grodås sentrum