Volda Utvikling AS inviterer til samarbeid

O versiktsbilde av Norsk innovasjonssenter - Volda utvikling  - Klikk for stort bilete​​​​​​​Volda Utvikling AS ​​​​​​​Volda Utvikling AS

Volda Utvikling AS inviterer moglege partnarar, investorar og framtidige leigetakarar til samtalar for å realisere Norsk Innovasjonsenter.

Volda kommune sitt nye kommunale utviklingsselskap skal arbeide med å utvikle sentrale kommunale eigedomar i samspel med næringsliv, akademia og andre offentlege aktørar. Målsetjinga og forventninga til det nye selskapet er både å legge til rette for verdiskaping, men og ivareta kommunen sine interesser som grunneigar.

Volda Utvikling AS skal gjennom tildelte prosjekt styrkje og legge til rette for at innovasjonsmiljø, FOU og næringsliv vil etablere seg i Volda. Ei sentral og viktig oppgåve for selskapet er å sikre eit godt samspel mellom offentlege arbeidsplassar med høg kompetanse og eit innovativt næringsliv som bidreg til at attraktiviteten og mangfaldet på arbeidsmarknaden vert styrka for Volda og regionen.

Volda Utvikling AS sitt første prosjekt er å legge til rette for at Norsk Innovasjonsenter AS vert etablert på delar av kommunal eigedom (Ivar Aasen – bygget, Gnr 19 Bnr 629,752).

Norsk Innovasjonssenter skal være eit nasjonalt knutepunkt for kryssinnovasjon der næringsliv kan samskape med fagmiljøa på HVO, og ein kan dyrke fram nye bedrifter innan tverrfagleg kunnskapsintensiv tenesteproduksjon og innovasjon innan industriell utvikling. Der ligg føre intensjonsavtalar med leigetakarar innan fleire næringar og tenesteytarar innan rekneskap, revisjon, avtalejus/advokatar, investorar , høgskule og nasjonale støttespelarar i SIVA program.

Volda Utvikling AS inviterer moglege partnarar, investorar og framtidige leigetakarar til samtalar kring prosjektet med mål om snarleg realisering.

 

Kontaktperson:

Thomas Lundberg, styreleiar Volda Utvikling AS

Epost- thomas@advokatll.no

Telefon: 982 87 890