Canva - X2-festivalen
Onsdag 15.april kl.16.00 – 19.00 – Familiedag i Propellhallen
Ta med heile familien og bli med på den store opningsdagen til X2 Festivalen.
Arrangementet er gratis og ope for alle.
Her blir det show med Bluey & Bingo, masse leik, mat og overraskingar i og rundt Propellhallen i Volda sentrum.
Ungane kan klatre, leike, prøve nye aktivitetar og møte kjende figurar – medan dei vaksne kan senke skuldrene og nyte stemninga. Dette er den perfekte starten på festivalveka.
Ekstra tips: Hugs også å få med dykk barneyoga , aktivitetane til DNT Sunnmøre, aktivitetskortet og alle dei gratis sportskonkurransane gjennom veka. Her finn du programmet til X2 festivalen.
Canva - X2-festivalen
Fredag 17.april kl.17.00 Voldabadet - XSplash
XSplash er X2 festivalen sin opne dødsstup-konkurranse, der alle kan delta – uansett nivå.
Konkurransen er delt inn i tre rundar: Publikum Pleaser, ein freestyle/fri runde og Classic Døds, som gir rom for både kreativitet og rå commitment.
Det er klassar for menn, kvinner og junior (under 18 år), og hopp kan takast frå den høgda kvar deltakar sjølv kjenner seg komfortabel med.
XSplash handlar ikkje om å hoppe høgast, men om stil, attitude, kontroll – og sjølvsagt sjølve splæsjen.
Forvent dristige triks, store augeblikk og eit publikum som lever for kaoset. Med premiar til topp-plasseringane og ein elektrisk stemning er XSplash alltid eitt av dei mest underhaldande og energifylte arrangementa under X2 festivalen.
Det er ikkje for seint å melde seg på. Påmelding finn du på X2festivalen.no!
OBS! Publikumstida er stengt i Voldabadet denne dagen – Velkomen på tribunen!
Canva - X2-festivalen
Sundag 19. april kl. 13.00 Volda filmteater
X2 festivalen inviterer til til filmvising av New Terrain og Get lost på Volda filmteater.
Filmen New Terrain følgjer Thea og Krister, som har busett seg på Vestlandet for å leve tett på fjellet.
Her blir det utforska korleis to menneske balanserer ambisjonar, tryggleik og kjærleik – i eit landskap der naturkreftene alltid har siste ord.
Korleis finn ein balansen mellom tillit og risiko? Og korleis er det å ferdast i eksponert terreng saman med den ein står nærast?
Pris: 100 kr (kjøp på Tikkio)
Volda kommune er stolt samarbeidspartner på alle arrangementa!