Besøksheim

Besøksheim (eller avlastingsheim) er noko anna enn ein fosterheim. Å vere besøksheim tyder å ta imot eit barn ein eller fleire helgar i månaden.

Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familier som treng det. Besøksheimen skal ikkje erstatte heimen hjå biologiske foreldre, men skal samarbeide med desse.

Slektningar kan også vere besøksheim.

Kan du tenke deg å vere besøksheim?