Gode råd til barn og unge
Er du uroa for deg sjølv, eller nokon nære rundt deg?
Volda kommune skal være ein god stad å bu og leve for alle. Alle barn har rett til å være trygge, og å ha det dei treng! Dersom du kjenner at du har det vanskeleg - heime, på skulen eller i fritida, eller veit om eit barn eller ein ungdom som ikkje har det bra, er det viktig at du seier i frå. Å seie i frå kan vere med på å gjere slutt på ein vanskeleg situasjon.
I Volda er det mange vaksne du kan snakke med om det du er uroleg for; tankar, kjensler og trivsel. Det er lurt å snakke med nokon av desse slik at du kan få hjelp, anten det gjeld deg sjølv, vener eller familie. Nedanfor kan du finne ut kven du kan kontakte, og få nokon gode råd.
Treng du hjelp, eller lurer du på om andre treng hjelp?
I vår kommune finn du fleire å snakke med om tankar, kjensler, trivsel og ting du er bekymra for. Det vil sei at du alltid kan finne nokon å snakke med om kva som helst, anten det gjeld deg sjølv, ein ven eller nokon i familien.
Om du har god kontakt med ein vaksen, til dømes ein lærar, kan du snakke med han/ho, eller læraren kan hjelpe deg å finne rett person i rett teneste som du kan snakke med. Alle som jobbar med barn og unge i kommunen har teieplikt, og må ha ditt samtykke for å involvere andre.
Det skjer av og til at teieplikta må settast til side. Dette skjer hvis det er grunn til å tru at eit barn eller ein ungdom blir utsett for vald eller overgrep. Det kan også skje hvis det er alvorlege helseproblem som ein må informere foreldre om. Tilsette i kommunen vil alltid snakke med deg om dette, dersom det blir aktuelt.
Les meir om dei ulike tenestene i vår kommune.
Gode tips om nettsider for barn: