Vaksen

Korleis gå fram med ei uro for eit barn, ein ungdom eller ein familie?

I vår kommune tek vi all kjensle av uro like alvorleg, om den er liten og stor.

Om du har ei uro for eit ufødd barn, eit barn i familien din, ein ven eller nokon i nabolaget så er det godt å kunne snakke om det med ein annan vaksen som kan vurdere situasjonen til barnet og bidra til at barnet og familien får den oppfølginga og hjelpa dei treng. Du kan formidle uroa di til alle i kommunen som arbeider med barn og unge. Det kan vere lærar/rektor, tilsett i offentleg eller privat barnehage, helsesjukepleiar, barnevern eller andre. Du kan også  kontakte sentralbordet i kommunen for å få råd om kven du kan kontakte