Det siste året, og lengre tilbake i tid, har Volda og Ørsta vore i forkant når det kjem til bruk og sal av Fairtrade-produkt. Dette har Volda fått til gjennom synlege kampanjar, stand på Høgskulen i Volda og mykje meir.
Volda kommune spurde Ingrid Oppedal, som er leiar for den lokale Fairtrade-organisasjonen her i Volda og Ørsta, kvifor Volda og samarbeidspartnaren Ørsta fortente årets Fairtrade-pris, og om det var vanskeleg for Fairtrade Norge å velje ein endeleg vinnar. Ingrid Oppedal kommenterte:
– Det er Fairtrade Norge som deler ut denne utmerkinga for å feire kommunar som går føre i arbeidet med rettferdig handel og berekraft. Dei har ein del kriterium dei går ut frå, og dei synest nok at Volda og Ørsta skåra godt på dei fleste av desse. Det går på innkjøp av Fairtrade-varer til kommunal drift, og at bruken er aukande. Vidare er informasjon og medvitiggjering viktige kriterium, det same er samarbeid med lokalt næringsliv. Ein ser også på om ein har inspirert andre kommunar til å bli Fairtrade-kommunar.
Det er dette som verkeleg betyr noko når ein skal velje ut årets Fairtrade-kommune og rett kommune til prisen. Oppedal kommenterte vidare at det var to tydelege grunnar til at akkurat Volda vann.
– Volda kommune kjøpte i 2025 nesten berre Fairtrade-kaffi til institusjonane i pleie- og omsorgssektoren.
Ingrid nemner at trass i at budsjettet vart halvert i 2026 på grunn av den økonomiske situasjonen i kommunen, er salet av Fairtrade-produkt i Volda og Ørsta framleis ganske bra. Ho nemner også at innkjøp av sjokoladepulver frå Fairtrade-merket hjelper på produkttotalen til Volda og Ørsta.
Oppedal spesifiserer:
– Vi har drive eit aktivt informasjonsarbeid gjennom heile året, med kampanjeveka i oktober som høgdepunkt. Då hadde vi stand mange ulike stader, vi besøkte FFO (fotballfritidsordninga i Volda) saman med ordføraren og delte ut Fairtrade-bananar og Fairtrade-fotballar. Vi laga konkurranse for skuleklassar der vinnarklassen fekk ei korg full av Fairtrade-produkt, og vi delte ut bananar til publikum som gjekk Øyralangs.
Sponsormidlar frå kraftselskapet Tussa gjorde at vi kunne få til dette.
Ordførar Sølvi Dimmen viser stolt fram Diplomet for årets Fairtrade Kommune
Sebastian Ulveraker