Offentleg ettersyn – Årsbudsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029

Offentleg ettersyn – Årsbudsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029

Formannskapet si innstilling til årsbudsjett og økonomiplan til offentleg ettersyn.  Folkemøte 2. desember klokka 18.00.

Til offentleg høyring
 

Formannskapet handsama 25.11.25 administrasjonen sitt framlegg til årsbudsjett og økonomiplan. Formannskapet si innstilling er lagt ut til offentleg ettersyn , jf. Kommunelova § 14-3, her på kommunen si heimeside og fysisk på rådhuset i Volda og på biblioteket i Volda og på Grodås. 

Betalingssatsar for kommunale tenester er innlemma i budsjettsaka, bortsett frå renovasjon og slam som vart handsama som eiga sak. Du finn betalingssatsane under kapittel “Betalingssatsar”.  Lenke til betalingssatsane for årsbudsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029

Slik sender du innspel

Merknad sendast til: https://skjema.volda.kommune.no/skjema/VOL034/

Send dine innspel digitalt på ein sikker måte gjennom: eDialog

eller pr. brev til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda. 

Merknadar må vere kommunen i hende seinast 17. desember 2025. 

Folkemøte 2. desember

Det vert folkemøte om budsjett og økonomiplan tysdag 2. desember kl. 18.00 på Volda samfunnshus, kinosalen. 

 

Høyringsdokument - Offentleg ettersyn. Årsbudsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029 (Framsikt)
Formannskapet si innstilling (25.11.25) til kommunestyret 18.12.25
Saksframlegg med vedlegg til formannskapet 25.11.25
Samla informasjon om årsbudsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029
Arkivsak Årsbudsjett og økonomiplan 2026-2029