Influensa- og koronavaksinaner for risikogruppene i Volda kommune. Nytt i år er at dei som er fødd i 1960 også blir tilbode pneumokokkvaksine mot lungebetennelse. Ein kan ta alle vaksinane på same dag.
For vaksinering må du bestille tid på helsestasjonen. Datoar som er sett opp er 31.10, 14.11 og 28.11 og 12.12
-
Vaksinering på Grobygget i Hornindal er
Tysdag 04.11.25
kl. 09.30–12:00 for etternamn S-Å
kl. 12.30–15.00 for etternamn Lødemel - R
Onsdag 05.11.25
kl. 09.30–12.00 for etternamn H-Lillestøl
kl. 12.30–15.00 for etternamn A-G
Om du ikkje hadde anledning i veke 43 kan du velje å ta vaksine på Grobygget.
Fellesvaksineringa i Volda sentrum var i veke 43.
Sjukeheimsbebuarar får tilbod om vaksinering på eiga avdeling. Tilsette i oppvekstsektoren har òg moglegheit til å ta influensavaksine i år. Gravide og føresette til barn kan også ta kontakt med helsestasjonen for timeavtale. Det kjem også oppsamlingsdagar utover hausten der ein kan få timeavtale på helsestasjonen.
Prisar
Nye prisanbefalingar frå FHI er 300 kroner for influensavaksine, 85 kroner for koronavaksine og 85 kroner for pneumokokkvaksine. Dette er rabattert pris for å ta fleire enn ei vaksine samtidig – pneumokokk og korona kostar 110 kr om ein berre tek ei vaksine.
Kvifor ta vaksine?
Årlege vaksiner er det beste verkemiddelet for å førebygge alvorleg sjukdom og komplikasjonar frå influensa- eller koronainfeksjon. Alle kan bli alvorleg sjuke av influensa eller korona, men enkelte grupper er meir utsette for alvorleg sjukdom enn andre. I Noreg er nær 1,6 millionar barn og vaksne i ei slik risikogruppe. Helsegevinsten kan vere stor om desse vaksinerer seg.
Influensa kan mellom anna føre til alvorleg lungebetennelse og forverring av mange kroniske sjukdommar. Ved alvorlege komplikasjonar av influensa eller korona er det nødvendig med innlegging på sjukehus. Personar med hjarte- og karsjukdom er meir utsette for hjarteinfarkt, hjerneslag og død i influensasesongen enn elles i året. Alvorleg influensasjukdom kan føre til varig svekka helse og auka hjelpebehov, og gjennomsnittleg døyr 900 personar av influensa årleg. Difor er det viktig å vaksinere seg kvart år slik at ein er beskytta.
Personar over 65 år er også anbefalt pneumokokkvaksine. I Noreg er det bestemt at ein no skal tilby alle som er fødd i 1960 ein rabattert vaksine. Alle andre i risikogrupper eller over 65 år kan få denne på legekontoret etter avtale der. Vaksinen beskyttar mot lungebetennelse, blodforgifting og hjernehinnebetennelse forårsaka av pneumokokkbakterien.
Her kan du lese på Folkehelseinstituttet sine nettsider om vaksenvaksinasjonsprogrammet og vaksinane som inngår der: Vaksiner i voksenvaksinasjonsprogrammet - FHI
Kven bør ta influensavaksine og/eller koronavaksine i haust?
For influensavaksine gjeld dette:
- Alle frå fylte 65 år
- Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
- Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester)
- Prematurt fødde barn. Særleg barn fødde før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år
- Vaksne og barn med:
- diabetes, type 1 og 2
- kronisk luftvegssjukdom (inkludert astma)
- kronisk hjarte- og karsjukdom
- kronisk leversvikt
- kronisk nyresvikt
- kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
- nedsett infeksjonsforsvar
- svært alvorleg overvekt (BMI over 40)
- annan alvorleg eller kronisk sjukdom
I tillegg er vaksina anbefalt for
- helsepersonell
- personar som bur saman med nokon med nedsett immunforsvar
- svinerøktarar
- saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta
For koronavaksinen er det anbefalt å vaksinere seg om ein er i denne gruppa:
- personar i aldersgruppa 75 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar
- dei over 65 år kan få vaksine om ynskjeleg
- personar i aldersgruppa 18-64 år som inngår i ei risikogruppe
- ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
- barn 6 månader-11 år med alvorleg grunnsjukdom etter individuell vurdering av lege
- gravide med tilleggssjukdomar som gjer at dei er i risikogruppe, gravide utan andre risikofaktorar treng ikkje koronavaksine lengre.
Vel møtt til sesongvaksinering!
Informasjon om vaksine på fhi.no