Torsdag 9. februar 2023 vart oppstartssamling for prosjektet med Heiltidskultur i Volda kommune.
Politikarar, leiarar, hovudtillitsvalde, hovudverneombod og STIM-gruppene i helse og omsorg, barnehage, skule og reinhald deltok.
Kick-off 2023 markerte starten på eit arbeid og eit samarbeid til det beste for tenestemottakar, tilsette og arbeidsgivar. Volda kommune har høg andel deltidstilsette. Det ønsker vi å gjere noko med.
Torsdag 9. februar 2023 gjekk startskotet for prosjektet Heiltidskultur i Volda kommune.
Volda kommune
Kvifor heiltidskultur?
Det er mykje forsking og kunnskap som syner at heiltidskultur og store stillingar vil gje stor positiv verdi, både for arbeidsgjevar, arbeidstakarar og framfor alt for innbyggjarar og brukarar.
Mykje deltid påverkar kvaliteten for brukarane. Heiltid vil gjere det lettare å utvikle gode fagmiljø og tilby tenester av god kvalitet. Heiltid er viktig for å rekruttere og behalde kvalifisert fagpersonell, og løyse rekrutteringsutfordringar for berekraftig tenesteutvikling.
Tema på samlinga:
- Heiltidserklæring
- Heiltidsplakatar
- Frå deltid til heiltid
- Heiltidskultur - kva og kvifor?
- Utfordringar og løysingsforslag
- Korleis lykkast i helse og omsorg?
- Korleis tenke nytt om turnusarbeid?
Eksterne innleiarar:
Leif E. Moland: Forskar i Fafo innanfor område som innovasjon, organisasjonsutvikling, lean, arbeidstid, turnus, heiltids-/kompetansekultur, arbeidsmiljø og tenestekvalitet.
Kari Ingstad: Professor i sosiologi ved Nord universitet, Fakultet for sykepleie og helsevitenskap. Ho er utdanna sjukepleiar, har hovudfag frå Universitetet i Oslo og ein doktergrad frå NTNU, Trondheim. Ho har forska på tema knytt til arbeid, arbeidsvilkår, arbeidstidsorganisering, organisasjon, leiing, innovasjon, samhandling, heiltidskultur og turnus.
Geir Johan Hansen: Seniorrådgivar i KS-Konsulent og har sidan 2012 arbeidd med heiltidskultur og bemanningsleiing i nasjonale, regionale og lokale satsingar. I samarbeid med Leif E. Moland, har han leia fleire nettverk i den nasjonale satsinga «Sammen om en bedre kommune».
Jo Fiske: Spesialrådgivar i KS-Konsulent og arbeider spesielt med samhandling og korleis betre bruk av ressursar og kompetanse kan gi bidra i livsmeistringsoppdraget for barnet/eleven, og korleis kommunen kan lykkast med sine oppgåver ved å sørge for god kvalitet i alle ledd.