Oppgåvekartlegging og oppgåvedeling

Oppgåvekartlegging og oppgåvedeling

Som ledd i satsinga på heiltidskultur for betre kvalitet i tenestene med større stillingar og meir kontinuitet i bemanninga, går vi no i gang med eit kompetanseløp. 

Oppgåvedeling, bygd nedanfrå. NOU 2023:4 kap. 8 s. 132 om oppgåvedeling. - Klikk for stort bileteOppgåvedeling bygd nedanfrå. NOU 2023:4 kap. 8 s. 132.

Vi startar med opplæring i oppgåvekartlegging for tilsette i helse og omsorg, med mål om betre og meir berekraftig oppgåvedeling i helse- og omsorgstenesta. 

Opplæringa går over 4 dagar fordelt på 2 samlingar våren 2023, i mai og juni, og blir leia av KS Konsulent v/Geir Johan Hansen.

 

Tiltak

Opplæring
Samlingar med opplæring i oppgåvekartlegging i helse og omsorg
2023 Aktivitet Deltakarar
22. mai Fellessamling 1: Teori og trening i case STIM-gruppene i institusjonstenesta. 2-4 observatørar frå kvar avdeling i helse og omsorg
23. mai Arbeidsøkt 1: Design av dagens praksis på eigen arbeidsplass. Oppgåvekartlegging STIM-gruppene i institusjonstenesta
6. juni Fellessamling 2: Deling av erfaringar frå eigen arbeidsplass – kva kan vi lære av kvarandre? Erfaringsdeling- kva oppgåver er det mogleg å løyse på tvers? STIM-gruppene i institusjonstenesta. 2-4 observatørar frå kvar avdeling i helse og omsorg
7. juni Arbeidsøkt 2: Redesign på eigen arbeidsplass – også med fokus på moglege fellesløysingar STIM-gruppene i institusjonstenesta

 

Servicevakter

Ny ordning med servicevakter for ungdom i sommarferien

I lys av opplæringa i oppgåvekartlegging i mai/juni 2023, har institusjonstenesta starta ei prøveordning i sommarferien med servicevakter for ungdom.

18 jenter og gutar i alderen 16-17 år skal vere servicevakter i perioden 26. juni-20. august 2023, og gå i turnus:

  • dagvakt frå 08.00 til 14.00
  • kveldsvakt frå 15.00 til 21.00
  • helgevakt frå 12.00 til 20.00.

Det vert to servicevakter på Hornindal omsorgssenter, og 16 på Volda omsorgssenter. Etter ferien vil servicevaktene delta i ei evaluering, slik vi får høyre deira erfaringar og få innspel på kva som kan gjere annleis neste sommar.

Det er gjennomført fellesmøte med ungdomane der dei fekk omvisning på omsorgssenteret og den seksjonen dei skal arbeide på, og dei fekk orientering om kva arbeidsoppgåver dei skal utføre, og kva oppgåver dei ikkje skal vere med på. Servicevaktene skal ikkje ta del i pasientnært arbeid som hjelp i stell, på WC eller hjelp til mating. Alle vil få opplæringsvakter før ferien startar. Ungdomane skal ha namneskilt der det står namn og at dei er servicevakt.

 

Arbeidsoppgåver for servicevaktene:

  • dekke bord og ordne til måltida
  • hjelpe til ved måltida – rydde opp etter måltid
  • servere drikke og frukt på varme dagar
  • bidra til trim, song, musikk, høgtlesing og turar
  • delta på ulike aktivitetar saman med bebuarar og tilsette slik vi kan gi bebuarane ein aktiv og meiningsfylt kvardag
  • Det kan òg vere andre praktiske oppgåver som; vaske seng/nattbord etter behov – rydde og sjå til at bebuarromma ser fine ut. Legge på plass kle, legge på plass tøy frå vaskeriet og legge på plass varer

 

Rekrutteringstiltak

Volda kommune ser på prøveordninga med servicevakter som eit rekrutteringstiltak. Fleire som har starta i ein slik type jobb arbeidar i yrket også etter fylte 18 år, og går vidare på helseutdanning, enten som helsefagarbeidar, sjukepleiar eller vernepleiar. Når vi veit kor stor mangel det vert på helsepersonell i framtida er det viktig å starte rekrutteringa tidleg.

 

Les artikkelen om ordninga her