Heiltidskultur på Barstadtun

Heiltidskultur på Barstadtun

Måndag 24. april 2023 deltok kommunedirektør Rune Sjurgard og kommunalsjef Svein Berg Rusten på møte med tilsette ved Barstadtun i helse- og omsorgstenesta, der temaet var heiltidskultur.

Figur frå NOU 2023:4 kap. 6 - Tid for handling. Personellet i en bærekraftig helse og omsorgstjeneste. - Klikk for stort bileteFigur frå NOU 2023:4 kap. 6 - Tid for handling. Personellet i en bærekraftig helse og omsorgstjeneste.

Møtet med dei tilsette er omtala i kommunedirektøren informasjonsskriv i veke 17:

Måndag denne veka møtte eg dei tilsette ved Barstadtun i helse- og omsorgstenesta. Temaet var heiltidskultur. Etter "kick off"-samlinga går prosessen no over i oppgåvekartlegging.

Dei tilsette ved Barstadtun er ei gruppe med stort engasjement for jobben sin og for brukarane. Vi frå leiinga fekk eit innblikk i deira kvardag, og utfordringar som dei står i.

Vi drøfta mellom anna korleis vi kan få effekt av at fleire i framtida kan gå i større stillingar og korleis vi kan få det til. Fleire i større stillingar vil mellom anna verte svært viktig for å møte framtida med knappheit på helsepersonell.