Heiltidskultur på Karve-, Otta-, Klokkar- og Kapteinstova

Heiltidskultur på Karve-, Otta-, Klokkar- og Kapteinstova

Onsdag 29. mars 2023 deltok kommunedirektør Rune Sjurgard og kommunalsjef Svein Berg Rusten på møte med tilsette ved Karve-, Otta-, Klokkar- og Kapteinstova i 3. etasje på Volda omsorgssenter, der temaet var heiltidskultur.

Figur frå NOU 2023:4 kap. 2 - Tid for handling. Personellet i en bærekraftig helse og omsorgstjeneste. - Klikk for stort bileteFigur frå NOU 2023:4 kap. 2 - Tid for handling. Personellet i en bærekraftig helse og omsorgstjeneste.

Møtet med dei tilsette er omtala i kommunedirektøren informasjonsskriv i veke 13:

Onsdag deltok eg saman med kommunalsjef Svein Berg Rusten på eit møte med tilsette ved Karve-, Otta-, Klokkar- og Kapteinstova på Volda omsorgssenter. Temaet var heiltidskultur. 

Det er sett i gang prosjekt på dette i Volda kommune med siktemål om at fleire i høgare stillingsprosent skal gi effekt for brukarane, arbeidstakarane og arbeidsgjevar. Dei som mottek tenestene skal oppleve meir føreseielege tenester, ein tryggare kvardag og betre kvalitet. Arbeidstakarane vil kunne få betre arbeidsmiljø gjennom meir føreseieleg arbeidstid, betre fordeling av arbeidsbelastning, betre kontinuitet, auka trivsel og redusert sjukefråver. Summen av dette vil frigje tid til meir brukarretta arbeid og gjere det lettare å rekruttere i ein framtidig arbeidsmarknad med auka konkurranse om fagkompetansen.

Det var kjekt å kome ut og få møte tilsette og snakke om desse problemstillingane. Dei er engasjerte og kjenner på kvar skoa trykkjer. Det er viktig å involvere dei tilsette godt i prosessen som skal skje framover. Vi må jobbe med kulturen over tid, men samtidig utnytte moglegheitene der det er tilsette som allereie no kan gå inn i større stillingar. 

Heiltidskulturprosessen omfattar helse- og omsorgstenestene, men også reinhald, barnehage og skulane.