Ordførar Sølvi Dimmen
Volda kommune
Eit nytt skuleår ligg framfor oss, fullt av moglegheiter, læring, opplevingar og nye vennskap. For nokre er dette første møtet med skulen, medan andre kjenner både klasserom og skulegard godt frå før. Forventingane er mange, og kanskje kjenner vi også på litt uro. Felles for alle er at skulestarten markerer ein ny start og eit nytt kapittel.
Ein god skule er mykje meir enn fag og karakterar. Skulen er ein stad der vi lærer å samarbeide, vise omsorg, respektere kvarandre og vere ein del av eit fellesskap. Kvar og ein er med på å gjere skulen til ein trygg og god stad å vere.
Ei særleg helsing vil eg rette til førsteklassingane som no tek sine første steg inn i skulekvardagen. Eg håpar de møter skulen med nysgjerrigheit, glede og forventning. De har mykje spanande framfor dykk.
Til lærarar, assistentar og alle andre tilsette vil eg takke for den viktige jobben de gjer kvar einaste dag. De er med på å forme framtida gjennom den kunnskapen, støtta og omsorga de gir barna og ungdomane våre.
Lukke til med skulestarten!
Med venleg helsing
Sølvi Dimmen
Ordførar i Volda kommune