Appell Bygdepride 2025

Appell Bygdepride 2025

He kan du lese ordføraren sin appell i høve Bygdepride 2025.

Ordførar Sølvi Dimmen på bygdepride - Klikk for stort bilete Ukjent

Appell Bygdepride 2025


Gratulerer med dagen, Gratulerer med Bygdepride 2025. 

I dag, som vi har gjort dei siste åra, deltek ordførarane på Bygdepride. Vi er ikkje alle i dag, men har med ei varm helsing frå dei ordførarane frå Søre Sunnmøre og Nordfjord som ikkje kunne vere saman med oss i dag. 
Vi gjekk samla i paraden og vi står her samla no, for å vise at våre kommunar aksepterer at menneske finst i alle variantar og at det er plass til alle i våre kommunar. Bygdepride er for alle, kjærleik er for alle og vi er stolt av alle. 
Prideflagget er eit viktig symbol for stoltheit. Vi håper at flagget også kan vere ei tryggheit og eit løfte om at her i våre bygder er du velkomen og trygg, du kan vere som du er, du treng ikkje skjule kven du er, du blir ikkje dømt. 
Det kan vere eit livsviktig signal. 
I ei tid der skeive og andre minoritetar er under angrep verda over, er dette bodskapet viktigare enn nokon gong. Vi opplever at mektige lands leiarar gjer livet farleg for dei som er annleis, og at den harde retorikken spreier seg også til vår del av verda. Heilt inn i våre kommunar. Grensene for kva vi tillet oss å seie og gjere vert strekte. Det uroar vi oss over!
I natt vart mange flagg i Ørsta og Volda kutta ned frå flaggstengene, -i kommentarfelta ser vi harde ytringar. Det gjer oss triste. Det er ikkje greitt!  Vi vil stå opp for den demokratiske retten alle har til å ytre seg, til å bli høyrt og tatt på alvor, men gjer det i respekt for meiningsmotstandaren og for lovverket. Det motsatte er ein farleg trussel for demokratiet.
Regnbogeflagget er eit symbol for stoltheit, for mangfald, likeverd og solidaritet. I år er regnbogeflagget for fyrste gong heist på offentlege flaggstenger i alle kommunane våre. Det er vi stolt over. 
Vi heiar på kjærleiken og mangfaldet. Vi seier velkommen hit, vi treng alle. Vi kan ikkje akseptere at nokon må flytte og gøyme seg vekk i store byar på grunn av si legning. Det har vi rett og slett ikkje råd til. Vi vil at våre kommunar skal ha plass til alle.
Difor står vi her i dag, difor heiar vi på Bygdepride. Difor står vi opp for mangfald og kjærleik. Vi har alle behov for eit enkelt og godt liv. La oss skape det saman, for kvarandre, gjennom toleranse og aksept -og god kommunikasjon. Både under bygdepride og dei andre kvardagane. 


Happy bygdepride!
 

Ordførar Sølvi Dimmen 

Ordførar Sølvi Dimmen på bygdepride - Klikk for stort bilete Ukjent

 

Ordførar Sølvi Dimmen på bygdepride - Klikk for stort bilete Ukjent