Besøk av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Besøk av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Barne- og familieminster Kjersti Toppe besøkte Volda torsdag 17.mars. Her fekk ho innspel frå det interkommunale barnevernet, informasjon om utdanningane ved Høgskulen i Volda og besøk i Volda kyrkje.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe og politisk rådgjevar Per Ivar Lied lyttar til det interkommunale barnevernet i Volda 

Torsdag 17. mars hadde vi storfint besøk av barne- og familieminster Kjersti Toppe og hennar politiske rådgjevar Per Ivar Lied. Dei fekk orientering frå den Interkommunale barnevernstenesta i Volda som også delte sine tankar om den nye barnevernsreforma som tredde i kraft frå nyttår.  Ministeren har eit stort engasjement for barnevernet og tek med seg viktige innspel og informasjon vidare. 

«Barnevernet skal verne om dei aller mest sårbare blant oss, barn med behov for støtte og hjelp. Den viktigaste ressursen til barnevernet er motivasjonen og kunnskapen til dei som arbeider der. Barn og familiar som er i ein vanskeleg situasjon, må møte fagmiljø med høg kompetanse og høg grad av legitimitet. Derfor er eg glad for at dei tilsette i Volda kunne fortelje om eit godt arbeidsmiljø, der dei tilsette med erfaring blir lenge i jobben», seier Toppe. 

Kjersti Toppe besøkte også Høgskulen i Volda, der ho møtte tilsette og studentar og fekk informasjon om utdanningar i barnevern/sosialt arbeid og religion/trus- og livssyn. Studentane delte også erfaringar med pandemien og korleis det påverka studentlivet deira.

På Høgskulen i Volda fekk ministeren informasjon om utdanningstilboda i religion og livssyn, barnevern og sosialfag. Per Ivar Lied      

Det siste på programmet var Volda kyrkje. Regjeringa utarbeider i år ein plan for setje i stand og ta vare på kulturhistorisk viktige kyrkjebygg. «Eg er glad for at vi no skal få på plass ein plan som skal sikre både dei antikvariske og kyrkjelege behova – både bruk og vern. No får Riksantikvaren og Den norske kyrkja eitt år på å komme med faglege tilrådingar til departementet. Så skal vi gjere vårt i regjeringsapparatet for at vi tidleg i 2023 kan presentere ein samla plan som husar både strategiar, bevaringsprogram og finansiering», seier Toppe.

I Volda kyrkje fekk vi informasjon om vedlikehaldsbehov og om arbeidet med å restaurere kyrkjeorgelet Barne- og familiedepartementet