Dei fyrste butikkane opna på Øvre Rotset

Dei fyrste butikkane opna på Øvre Rotset

Dette er ein merkedag med opning av dei to fyrste butikkane i næringsparken på Øvre Rotset. Ordføraren fekk klippe snora til Europris klokka ni og ein time etter vart dørene opna på Rema 1000. Folk strøymde til og ordføraren ser fram til vidare utvikling av området. 

Orføraren gratulerer Europris med ny butikk på Øvre Rotset og set pris på å få klippe snora til den fyrste butikken i den nye næringsparken. Snorklippinga vart utført med gullsaks. Emilie Gjengedal Vatnøy, avisa Møre

Næringsparken på Øvre Rotset er tatt i bruk og Europris Volda og Rema 1000 har fått gode og innbydande butikklokaler med god plassering. Etter opningane i dag tidleg strøymde folk til og fekk servert både kaffi og maripankake av glade butikkdrivarar. 

Næringsparken har ei god plassering langs E39 og er lett tilgjengleg både for Voldingar og forbifarande. Alt dagen før opninga kom folk innom på veg heim frå skituren i håp om at det var ope. På opningsdagen strøymde folk til og etter kvart som det kjem fleire tilbod her, vil nok enda fleire finne vegen til Volda.  
Butikksjefen tok motorsaga fatt under opninga av den nye butikken.   Ordføraren gratulerer Rema 1000 Øvre Rotset med opninga. Emilie Gjengedal vatnøy, avisa Møre