Ei strålande helg i Volda

Ei strålande helg i Volda

Den som ville få med seg alt som skjedde i Volda i helga, skulle få ei travel helg. Ordføraren serva i gang NM for 15-åringar i Volda fredag formiddag. Søndag fekk vi sjå både gutane og jentene til Volda i finalen.  På Lauvstad feira musikkorpset 60 år og ordføraren fekk dele ut medaljar. Eit gamalt korpshjarte fryda seg over god musikk og gode kaker.  kfum Volda   

Det var fantastisk å vere i Volda i helga då bygda var arena for både X2 Festivalen og NM i Volleyball for 15-åringar.  Etter to år der alt har vore på vent, er det spesielt kjekt å få samlast igjen. Både for deltakarar og publikum. Og det er kjekt at Volda har ein så flott arena å samlast på.

NM i Volleyball samla 15-åringar frå heile landet. Det vart for dei fleste både seier og tap, men eg håper at alle fekk med seg det beste av alt, møtet med nye menneske, og kanskje oppsto nye vennskap. Det var likevel spesielt kjekt at begge Volda sine lag gjekk til finalen, at gutelaget overraska positivt og at jentene drog i land NM-tittelen. Gratulerer og lukke til vidare. Det vert spanande å fylgje dokke. 

Frå Volleyballfinale gjekk ferda over fjorden til Lauvstad der korpset feira 60-årsjubileum. Korpset er eit generasjonskorps der unge og eldre i alle aldrar spelar saman. Det har ein verdi i seg sjølv. Jubilanten let godt og stilte med ny fane til anledninga. Det lovar godt for framtida.