Ein ny og flott brannstasjon opna i Hornindal

Ein ny og flott brannstasjon opna i Hornindal

Tysdag 15.mars var det flott opning av den nye brannstasjonen i Hornindal. Brannmannskapet har no fått gode forhold for å utføre den viktige arbeidet sitt.

Ordførar fekk opne brannstasjonen med eigna reiskap. Den kvinnelege brannkonstabelen held kontoll på brannslangen og ser til at ordføraren klarer jobben. Jarl Martin Møller     

Den nye brannstasjonen i Hornindal vart opna tysdag 15.mars. Den vart levert godt innanfor budsjett. Det sto dårleg til med den gamle brannstasjonen i Hornindal og brannmannskapet hadde kummerlege forhold. Arbeidstilsynet hadde sett ned foten for vidare drift. Når den nye brannstasjonen no er tatt i bruk, har brannkonstablane har fått gode garderobar med rein og skitten sone, treningsapparat og alt som krevst for å stette dagens krav. Trivsel på jobben er ei god investering. 

Under opninga var det god stemning, gode ord, kaker og musikalsk underhaldning frå ein syngande brannkonstabel.