Ferdigsynfaring av flaumtilpassingstiltaka

Ferdigsynfaring av flaumtilpassingstiltaka

Flaumførebygginga i Volda sentrum er no ferdig og ordførar fekk vere med på ferdigsynfaringa langs Gjølvelva og Heltneelva. Turveret var upåklageleg og det var også prosjektet.
Synfaringa fulgte Gjølelva til Håmyra og vidare til Panoramavegen. Her var det reine påskesteminga før ein gjekk nedatt langs Heltneelva til Rotevatnet og fulgte Øyraelva tilbake til sentrum

Det er godt å vite for innbyggjarane i Volda at vi er godt førebudde på flaum og har gjort det vi kan for å sikre både menneske og materielle verdiar. Det er ei viktig prioritering som også har gitt oss eit flott nett av nye turstiar. Slik har dette også blitt eit godt folkehelsetiltak.   Elvane er dimmensjonert for å ta flaumvatn trygt gjennom tettbygt støk 

Ein vil alltid støyte på utfordringar og interessekonflikter i eit slikt stort prosjekt. Det er naturen vår og naturkreftene vi prøver å få kontroll på, og det medfører nokre inngrep. Eg synest ein jamnt over har funne gode løysingar gjennom godt samarbeid med dei involverte og ivaretatt  natur og kulturverdiar på ein god måte. Entreprenøren får skryt for flott arbeid og godt samarbeid. 

Ristene er eit sikringstiltak og hindrar at lausmassar og greiner tettar røra Langs Heltneelva er kvernhuset tilført vatn og sikra som kulturminneLangs Heltneelva er det fine klopper over elva og Kvernhuset er restaurert. Fylgjet fekk ein liten demonstrasjon.