Dine rettigheiter

Dine rettigheiter

Som innbyggjar har du ein del rettar når kommunen behandlar personopplysingar om deg.

Kva innsynsrett har eg?

Du har rett til å få innsyn i dei personopplysningar vi handsamar om deg, samt ei rekke andre opplysningar.

Dersom du ønskjer innsyn i korleis Volda kommune handsamar personopplysingar på eit generelt grunnlag kan du ta kontakt med personvernombodet i kommunen og få tilsendt protokoll over behandling av personopplysing.

Denne syner korleis kommunen, under kvar teneste, behandlar personopplysingar.

Kva kan eg korrigere?

Dersom du ser at nokon av opplysingane ikkje er korrekte, eller du meiner dei treng å supplerast kan du krevje at kommunen rettar opplysingane.

For å be om retting av dine opplysningar, sender du oss ein førespurnad via eDialog eller skjema. Skriv inn «Retting av personopplysing» i emnetittelen.

Ta kontakt med med kommunen per e-post (postmottak@volda.kommune.no) for meir informasjon.

Kan eg slette noko?

Du som registrerte skal ha rett til å få sletta opplysingar som deg sjølv utan ugrunna opphald dersom:

  • Formålet med personopplysingane er innfridd

  • Du trekk tilbake samtykke som du har gitt for behandling av personopplysing og det ikkje ligg føre noko anna behandlingsgrunnlag

  • Du har protestert mot behandlinga/kome med innsigelse og det ikkje finns meir tungtvegande berettiga grunnar til fortsatt behandling eller opplysingane vert brukt i marknadsføring

  • Personopplysingane vert behandla ulovleg

  • Personopplysingane må slettast for å oppfylle ein rettsleg forpliktelse etter EU-retten eller norsk rett som kommunen er underlagt

  • Opplysingane er samla inn i samband med informasjonstenester basert på samtykke frå born. (frå 13 år)

For å be om sletting av dine opplysningar, sender du oss ein førespurnad via eDialog eller skjema. Skriv inn «Sletting av personopplysing» i emnetittelen.

Ta kontakt med med kommunen per e-post (postmottak@volda.kommune.no) for meir informasjon.

OBS: Vi gjer her merksam på at Volda kommune som forvaltningsorgan har plikt til å ha arkiv. Det kan difor vere at kommunen er pliktig til å arkivere dine personopplysingar.

Dette er eit anna formål enn opplysingane er samla inn for, men vil etter forordninga om personvern ikkje vere i strid med opphaveleg formål og difor loveleg.

Kommunen har og plikt etter rekneskapslova å oppbevare nokre opplysingar. Desse kan difor ikkje slettast.

Kan eg få avgrensa handsaming?

Avgrensa handsaming vil seie at du under gitte vilkår kan krevje at kommunen merkar dei opplysingane dei har om deg slik at desse ikkje vert behandla, altså brukt i t.d. sakshandsaming osv.

Du kan krevje avgrensing av behandling av personopplysingar dersom:

  • du meiner at opplysingane er feil

  • du meiner at handsaminga er ulovleg og du ikkje ønskjer sletting

  • du meiner at kommunen ikkje lenger treng opplysingane fordi formålet med handsaminga er oppfylt, men du som registrert har behov for dei for å fastsette eller gjere gjeldande eller forsvare eit rettskrav

  • du har kome med motføresenger mot behandlinga og ein ventar på kontroll av kor vidt kommunen kan handsame opplysingane.

For å be om avgrensa handsaming, sender du oss ein førespurnad via eDialog elle skjema. Skriv inn «Avgrensa handsaming» i emnetittelen.

Ta kontakt med med kommunen per e-post (postmottak@volda.kommune.no) for meir informasjon.

Kan eg protestere mot handsaming?

Du har til ei kvar tid ha rett til å protestere mot handsaming av personopplysingar om deg som har blir gjort på grunnlag av ei interesseavveiing mellom kommunen si interesse og din rett til personvern.

Vidare har du rett til å protestere mot handsaming av personopplysingar som blir gjort på grunnlag av at det er naudsynt for å utføre ei oppgåve i ålmenta si interesse eller utøve offentleg mynde som kommunen er pålagt.

Dersom du ønsker informasjon om dine personopplysingar handsama på grunnlag av ei interesseavveiing ta kontakt med kommunen sitt personvernombod.

Om du vil protestere mot behandling, sender du oss ein førespurnad via eDialog eller skjema. Skriv inn «Protest mot behandling» i emnetittelen.

Ta kontakt med med kommunen per e-post (postmottak@volda.kommune.no) for meir informasjon.

Kan eg klage på behandlinga av mine personvernopplysningar?

Vi håper du vil sei frå om du meiner vi ikkje held reglane i personopplysningslova.

Ta kontakt med personvernrådgjevaren i kommunen på e-post for meir informasjon.

Du har rett til å klage til Datatilsynet om du ikkje er nøgd med den måten vi behandlar dine personopplysningar på. Du finn Datatilsynet sine kontaktopplysningar på www.datatilsynet.no.

Skjema - Be om innsyn, retting, sletting, protest eller/og klage

Har du spørsmål ta kontakt med oss på e-post: personvern@volda.kommune.no / Telefon: +47 70 05 87 00

Kontakt

Sonja Håvik
rådgjevar
E-post
Telefon 70 05 88 82
Mobil 92 88 93 26