Typografi (skrifttype)

For å syte for ein gjennomført og tydeleg profil, er typografi viktig å passe på.

I mange skriveprogram er Calibri, Arial eller Times New Roman ofte sett som standard. I Volda si profilhandbok, er det skrifttypen Palatino Linotype som er definert som standardfont.

Denne fonten er gratis gjennom Microsoft Office-pakken, og kan fritt nyttast i Word-dokument, Powerpoint-presentasjonar, etc.

Slik ser fonten ut i ulike samanhengar:

 

Klikk for stort bilete

I profilhandboka er det også definert ein sekundærfont, Sirba, som kan nyttast i enkelte samanhengar. Denne fonten må ein derimot kjøpe gjennom lisens. 

Dette er ein font som i utgangspunktet berre skal nyttast til eventuelle eksterne trykksaker. Som hovudregel er det Palatino Linotype som er føretrekt font. Regular er det føretrekte skriftgrensesnittet.