Voldakortet for studentar som melder flytting

Meld flytting til Volda og få Voldakortet til ein verdi av kr 5000.

Eg har informasjonen eg treng, ta meg direkte til søknadsskjema.

 

Hentestad for kort: 

  • Campus, Berte Kanutte-huset, fredag 25. september kl 11.30-14.30
  • Volda rådhus, tysdag 29. september kl 13.30-16.00
  • Campus, Berte Kanutte-huset, torsdag 1. oktober kl 13.30-15.00

Dersom du ikkje har høve til hente i desse tidsromma, vil vi fortløpande informere om nye tider og stadar der du kan hente Voldakortet for studentar.
Voldakortet - Klikk for stort bilete Volda Næringsforum  

Informasjon om stønadsordning for studentar som flyttar til Volda

 

Er du student og har meldt flytting til Volda, kan du frå haustsemesteret 2020 få Voldakortet til ein verdi av kr 5000. Meld flytting nå via sidene til Skatteetaten - det kan ta tid å få registrert di nye adresse. 

Voldakortet kan nyttast til varekjøp i lokale butikkar, kulturopplevingar, treningssenter, skisenter, kino, konsertar, helseklinikkar, velvere, serveringsstader m.v. - i teorien dei fleste stader du kan betale med kortterminal i Volda. 

Oversikt over kvar du kan bruke Voldakortet finn du på nettsida til Volda Næringsforum.

Denne studentinsentivordninga vart vedteken i kommunestyremøte 18.06.20 sak 66/20. (PDF, 328 kB) Ordninga har i prøvetid på tre år og vert sett i verk hausten 2020.


Vilkår

  1. Du må vere heiltidsstudent ved Høgskulen i Volda, ha gyldig studentbevis og betalt semesteravgift.
  2. Du må vere norsk eller utanlandsk statsborgar med norsk personnummer, og ha meldt flytting til Volda frå ein annan kommune i Noreg. Ordninga gjeld ikkje om du flyttar til Volda frå nabokommunar og kommunar på søre Sunnmøre, dvs. frå: Ørsta, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Stad, Stranda og Stryn.
  3. Du må ha meldt flytting til Volda i løpet av dei 2 siste åra og kunne leggje fram bustadattest på folkeregistrert adresse i Volda.
  4. Du kan søke ordninga ein gong.
  5. Du pliktar å vere folkeregistrert i Volda kommune under heile studietida ved Høgskulen i Volda.
  6. Voldakortet vert utstedt etter framlagt dokumentasjon på meldt flytting og betalt semesteravgift.

 

Slik går du fram

Meld flytting nå - det kan ta tid å få registrert di nye adresse.

  1. Meld flytting til folkeregisteret via sidene til Skatteetaten.
    • Det kan ta inntil 3 veker før Skatteetaten har endra adressa di.
    • Når di nye adresse er registrert vil du få kvittering i Altinn.
    • Har du meldt flytting tidlegare, men manglar flyttemelding, kan du bestille bustadattest frå Skatteetaten.
  2. Gå til søknadsskjema.- Voldakortet for studentar. Du må laste opp:
    • Flyttemelding/bustadattest (frå Skatteetaten).
    • Kvittering på betalt semesteravgift.
  1. Når søknaden er godkjent få du stadfesting på e-post, med informasjon om kvar du kan hente Voldakortet. 
  2. Hugs å ta med stadfesting på at du er innvilga Voldakortet, gyldig legitimasjon og dokumentasjon på betalt semesteravgift.

Søknaden blir handsama i samsvar med GDPR.

 

Ofte stilte spørsmål

Voldakortet for studentar

Kva er Voldakortet?

Voldakortet er eit felles gåvekort for heile Volda, og kan nyttast til varekjøp i lokale butikkar, medlemskontingentar, kulturopplevingar, treningssenter, skisenter, kino, konsertar, helseklinikkar, velvere, serveringsstader m.v. - i teorien dei fleste stader du kan betale med kortterminal i Volda. 
Voldakortet kan ikkje hevast i kontantar, og kan ikkje nyttast til kjøp av alkoholhaldige varer i daglegvarehandel eller på serveringsstadar. 

Oversikt over brukarstader for Voldakortet finn du på nettsida til Volda Næringsforum
Studentar som melder flytting til Volda kan få Voldakortet til ein verdi av kr 5000, ein gong.

Kor lang tid tar det før flyttemeldinga er godkjent hos Skatteetaten?

Om flyttemeldinga blir godkjent automatisk, blir di nye adresse registrert med ein gong.

Det kan ta 2-3 veker å handsame søknaden manuelt. Du får melding frå Skatteetaten om dette.

Når di nye adresse er registrert får du kvittering i Altinn.

Du kan logge inn og sjå statusen på din sak, sjå Skatteetaten.

Kvifor melde flytting?

Hovudregelen for folkeregistrering er at du skal vere busett i den kommunen og på den adressa der du har mest opphald, men som student kan du sjølv velje om du vil endre folkeregistrert adresse. 

Den folkeregistrerte adressa er di offisielle adresse og har verknader for dine rettar og plikter i samfunnet. Treng du ytingar frå det offentlege, er det viktig at du er registrert i den kommunen det gjeld. 

Folkeregisteret gir grunnlag for den offentlige statistikken, som er viktig for å utvikle og betre det offentlege tenestetilbodet, også overfor studentar. Studentar nyttar t.d. legevakt, helsestasjon, friluftsareal, idretts- og kulturtilbod i studiekommunen. 

Må eg bytte fastlege om eg melder flytting?

Nei. Du kan ha fastlege i ein annan kommune enn der du bur og er folkeregistert, t.d. i heimkommunen. Sjå helsenorge for meir informasjon.   

Du har rett til å bytte fastlege inntil to gonger per kalenderår. 

Studentar som flyttar tilbake til tidlegare bustadkommune innan tre år, har krav på å få tilbake sin fastlege sjølv om fastlegelista er full, sjå helsenorge.​​​​​​

Er det ulemper ved å melde flytting?

Flytting til studiekommunen vil kunne føre til at du ikkje lenger er omfatta av foreldra sine forsikringar som gjeld heimebuande barn. 
Studentar har høve til å teikne studentmedlemskap i ulike fagforeiningar, og få rimeleg forsikringspakkar med innbu-, reise-, ulykkes- og uføreforsikring frå kr 1000 per år. Fleire forsikringsselskap sel også rimelege forsikringspakkar til studentar.

Vil flytting ha innverknad for lån og stipend frå lånekassa?

Nei. Flytting har ikkje innverknad på lån og stipend til studentar i høgare utdanning.
Ordninga med reisestipend for studentar i høgare utdanning tok slutt studieåret 2017/2018, og studentar får ikkje lenger reisestipend ved å ha same folkeregistrerte adresse som foreldra.

Flytting til studiekommunen vil heller ikkje ha verknad for basislån frå lånekassa. Ved at studentane er bortebuar, dvs. at dei ikkje bur i same hus som foreldra, vil inntil 40% av basislånet bli gjort om til stipend. Dette vil ikkje endre seg ved å melde flytting til studiekommunen i folkeregisteret.

Kva fordelar vil eg som student få ved å melde flytting til Volda?

Som registrert innbyggjar i Volda kommune får du same rettar som andre innbyggjarar i kommunen.

Du kan få Voldakortet til ein verdi av kr 5000 som kan nyttast til varekjøp i lokale butikkar, medlemskontingentar, kulturopplevingar, treningssenter, skisenter, kino, konsertar, helseklinikkar, velvere, serveringsstader m.v. - i teorien dei fleste stader du kan betale med kortterminal i Volda. 

Du får stemmerett ved lokalval og kan påverke utviklinga i Volda. Det kan føre til auka tilhøyrsle i Voldasamfunnet og ha positive effektar for deg som student og for studiemiljøet.

Eg melde flytting til Volda i 2018. Kan eg få Voldakortet?

Ja. Ordninga gjeld studentar som har meldt flytting til Volda frå haustsemesteret 2018.

Flytte frå utlandet? Moving abroad?

Studentar som flyttar til Volda frå utlandet kan ikkje søke om Voldakortet.
Students who move til Volda from abroad cannot apply for the Volda card.



Har du spørsmål eller treng du bistand?
Kontakt:

Studentinsentivordninga: Send e-post

Kontakt

Ingvild Susann Kjøde
konsulent
E-post
Telefon 70 05 87 35