Søknad om elevpermisjon og evt utmelding

Søknad om elevpermisjon og evt utmelding

Etter opplæringslova § 2-11 første leddet kan kommunen etter søknad gje ein elev permisjon frå den pliktige opplæringa i inntil to veker. Permisjon etter denne føresegna er ingen rett, og kommunen har derfor ikkje plikt til å godkjenne permisjonen. Kommunen kan ha eigne retningsliner for når ein kan gje permisjon og når ein ikkje skal gje permisjon.

Søk i god tid! Skulen må rekke å behandle søknaden din før den planlagde permisjonen. Søk om 1 til 3 dagar i funksjonen "melde fråvær", til kontaktlærar. Dette gjer du i appen. Søknad om permisjon meir enn 3 dagar gjer du i foreldreportalen: under menypunktet "søknadar" og "ny søknad". Denne vert behandla av rektor. 

Dersom du har fleire barn kan du sende inn ein felles søknad dersom dei går på samme skule

Foreldreportalen, logg inn med ID-porten

Søk i Vigilo hjelpesenter for foreldre om du treng hjelp.

 

Utskriving frå Voldaskulen

Permisjon kan ikkje gjevast utover to veker. Dersom dei føresette ønskjer å ta eleven ut for ein lengre, samanhengande periode utover to veker, må dette sjåast på som privat opplæring i heimen, jfr oppl.l § 2-13. Eleven blir difor formelt skriven ut frå skulen som elev, og foreldra/føresette har det fulle ansvaret. Kommunen skal imidlertid ha tilsyn med den private undervisninga, etter oppl.l § 14-3. Sjå elles kommunen sine eigne rutinar for heimeundervisning og tilsyn i høve dette.

Opplæringa som eleven mistar ved permisjon, har eleven ikkje rett til å få erstatta seinare.

Til skjema for utmelding frå Voldaskulen

 

Retningsliner for elevpermisjon og eventuelt utskriving (PDF, 151 kB)

Kontakt

Håvard Strand
konst. avdelingsleiar skule
E-post
Telefon 70 05 88 74
Mobil 91 34 16 95