Endring av inntekter og utgifterI år 2020 får kommunesektoren ei auke på 1,3 millliardar kroner i frie inntekter, altså skatteinntekster og statlege rammetilskot. For Volda kommune utgjer dette ein vekst på 15,2 millionar kroner. Dessverre er dette ikkje nok til å dekkje lønsveksten. Inntektene knytt til flyktningar går ned med ca 20 mill siste to åra, avdragsutgiftene aukar og vi har stor auke i utgifter til rettigheitsbaserte tenester innanfor oppvekst og pleie- og omsorg. Inntekter og utgifter Infogram Kva er eit disposisjonsfond? Disposisjonsfond er oppsparte midlar som kommunen fritt kan nytte til finansiering av både drift- og investeringsutgifter. Frå og med rekneskapsåret 2020 skal eit mindreforbruk setjast av til disposisjonsfond og tilsvarande skal eit meirforbruk finansierast frå disposisjonsfondet. I økonomiplanperioden vil Volda kommune hente ut 36,5 mill kroner frå dette fondet, noko som inneber at vi ved inngangen til år 2024 står att med 2,6 mill kr, eller 0,3 % av driftsinntekter. Det vil vere viktig for kommunen å byggje opp igjen disposisjonsfondet slik at vi har midlar til å møte uforutsette hendingar. Gå tilbake til totaloversikta. Sist endra 06.04.2022 10:42