Framdriftsplan i handsamingaKommunestyret skal handsame budsjett for 2020 og økonomiplan for 2020-2023 den 12. desember. Slik er prosessen fram til endeleg vedtak. Handsaming i folkevalde organ Budsjett og økonomiplan skal vedtakast av kommunestyret den 12. desember. Før den tid skal administrasjonen sitt framlegg jobbast med i ulike folkevalde organ: Utval Dato Formannskapet 12.11, 19.11, 26.11 Eldrerådet 18.11 Råd for likestilling av menneske med nedsett funksjonsevne 18.11 Tenesteutval for oppvekst og kultur 20.11 Tenesteutval for helse og omsorg 21.11 Forvaltningsutvalet 19.11 Ungdomsrådet 13.11 Kommunestyret 12.12 Innstilling og høyring Det er formannskapet som sender innstilling til budsjett og økonomiplan. Denne innstillinga kjem etter vedtak i formannskapet sitt siste møte den 26. november. Etter dette vil formannskapet si innstilling bli lagt ut på høyring i minimum to veker, der alle innbyggjarar i "nye" Volda kommune. Folkemøte Det vil verte folkemøte der alle interesserte kan kome for å få eit litt nærmare innblikk i korleis kommunen ser føre seg å forvalte pengane dei neste fire åra. Delta gjerne på Facebook-hendinga Folkemøte om kommunebudsjettet 2020. Endeleg handsaming Kommunestyret er organet som vedtek det endelege budsjettet for 2020 og kommunen sin økonomiplan for perioden 2020-2023. Endeleg vedtak vert gjort i årets siste kommunestyremøte den 12. desember. Relevante møtedokument vil verte publiserte i møteportalen nærmare møtet. Publisert 13.11.2019 09:12 Sist endra 04.06.2021 14:18