Til høyring - Formannskapet si innstilling til budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029

Til høyring - Formannskapet si innstilling til budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029

Formannskapet handsama 25.11.2025 administrasjonen sitt framlegg til årsbudsjett og økonomiplan. 
Formannskapet si innstilling er lagt ut til offentleg ettersyn , jf. Kommunelova § 14-3, her på kommunen si heimeside og fysisk på rådhuset i Volda og på biblioteket i Volda og på Grodås. 

Betalingssatsar for kommunale tenester er innlemma i budsjettsaka, bortsett frå renovasjon og slam som vart handsama som eiga sak. Du finn betalingssatsane under kapittel «Betalingssatsar» i Framsikt, jf. Lenke til årsbudsjett og økonomiplan

Merknadar må vere kommunen i hende innan 17. desember 2025. 

Merknad sendast til: https://skjema.volda.kommune.no/skjema/VOL034/Hyringssvar

 eller pr. brev til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda. 

Folkemøte 2. desember

Det vert folkemøte om budsjett og økonomiplan tysdag 2. desember kl. 18.00 på Volda samfunnshus, kinosalen. 

Lenke årsbudsjett og økonomiplan som er til offentleg ettersyn (formannskapet si innstilling): 

https://pub.framsikt.net/2026/volda/bm-2026-2026-2029_fsk