Formannskapet si innstilling til årsbudsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030

Formannskapet handsama administrasjonen sitt framlegg til årsbudsjett og økonomiplan 24. november 2026.

I samsvar med kommunelova § 14-3 er formannskapet si innstilling lagt ut til offentleg ettersyn på kommunen si heimeside og fysisk på rådhuset i Volda og på biblioteka i Volda og på Grodås.

Sjå formannskapet sitt framlegg til årsbudsjett 2027 og økonomiplan 2027–2030 i Framsikt

Betalingssatsar for kommunale tenester

Betalingssatsane for kommunale tenester er ein del av budsjettsaka, med unntak av renovasjon og slam, som vart handsama i ei eiga sak.

Du finn betalingssatsane under kapittelet «Betalingssatsar» i Framsikt.

Fastsetting av betalingssatsar for renovasjon og slam 2027

Slik kan du kome med merknader

Merknader må vere kommunen i hende innan 16. desember 2026.

Du kan sende inn merknader via:

Elektronisk skjema for høyringssvar

Brev til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda.

Folkemøte om budsjett og økonomiplan

Det vert arrangert folkemøte om årsbudsjettet og økonomiplanen.

  • Dato: Onsdag 9. desember 2026
  • Tid: Kl. 18.00
  • Stad: Volda samfunnshus, kinosalen

 

Alle er velkomne!