Bustadtilskot og startlånStartlån og tilskot er for personer som ikkje får lån i vanleg bank til kjøp av bolig, og som ikke har høve til å spare. Det er også muleg å få hjelp til å utbetre eller tilpasse bustad eller garasje.Startlån og bustadtilskotStartlån og tilskot er for personer som ikkje får lån i vanleg bank til kjøp av bolig, og som ikke har høve til å spare. Det er også muleg å få hjelp til å utbetre eller tilpasse bustad eller garasje. Kven kan få tenesta?Personar som ikkje får lån frå private bankar eller som manglar eigenkapital, kan søkje om startlån. Det kan vere unge i etablerarfasen barnefamiliar einslege forsørgjarar personar med funskjonshemming flyktningar personar med opphaldsløyve på humanitære grunnlag Korleis søker du?Du kan søke fullelektronisk eller ved å laste ned skjema som du så sender inn til oss. Søk elektronisk via nettstaden til Husbanken (søknaden vert sendt til oss). Last ned skjema om startlån, tilskot til etablering og tilpassing. Last ned skjema om tilskot til utgreiing og prosjektering. Publisert09.10.2018 14.41 Sist endra09.10.2018 14.50