Buformer for deg som treng hjelpepersonell i nærleiken.
Dette trinnet består av bustader med moglegheit for tenester heile døgnet, ofte samlokaliserte, med fellesareal og/eller areal for personell.
Dette kan du gjere sjølv:
- Gjere det du kan for å halde ved like eller styrkje di eiga, eller dine næraste si, daglege funksjonsevne.
- Gjennomføre dei daglege oppgåvene du meistrar sjølv.
- Nyte tilbod og aktivitetar som gir øving i å meistre ein sjølvstendig busituasjon.
- Følgje råd og rettleiing som kan bidra til å utsetje eller erstatte behovet for langvarige tenester i institusjon.