Tenester som møter særskilde utfordringar med funksjonsevne og psykisk helse
Slike særskilde utfordringar krev spesialisert og spissa fagkompetanse.
Dette kan du gjere sjølv:
- Følgje råd og rettleiing som kan bidra til å redusere behovet for eit spesialisert butilbod.
- Førebu deg på at du, eller dine næraste, vil oppleve endring i funksjonsnivå ved flytting til spesialisert plass.
- Tenkje over kva du, eller dine næraste, treng av gjenkjennelege kvardagselement for best mogleg funksjon.
- Formidle kva du, eller dine næraste, kan og bør gjere sjølve, og kva du kan meistre sjølv med litt hjelp.
- Følgje tilrådingar frå helsepersonell.