Familie-/pårørandestøtte, praktisk bistand og opplæring
Slik vil vi ha det
Unge og eldre skal få leve eit aktivt og trygt liv i eigen heim. Også i periodar du treng praktisk støtte og rettleiing.
Korleis opprettheld du den gode kvardagen?
Det kan handle om å styrkje og ta vare på evna til å bu heime, få støtte i krevjande omsorgsansvar eller ulike former for (re)habilitering.
Dette kan du gjere sjølv:
- Oppsøkje informasjon, råd og rettleiing for å meistre kvardagen.
- Tenkje over kva du meistrar på eiga hand, og gjere det du kan.
- Tenkje over kva slags støtte du treng for å stå i kvardagen over tid.
- Undersøkje kva støtteordningar som finst i frivillig, privat og kommunal regi.
Slik gjer vi det
- Vi sikrar brukarmedverknad og sjølvbestemming ved å ta deg med på råd
- Vi legg til rette for at barn, unge og familiar med særlege behov får bu med familien så langt det er mogleg. Kommunen og føresette samarbeider om omsorgsansvaret
- Innbyggarar som lever under forhold som kan skade helse og utvikling blir ivareteke, så ein får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid
- Vi gir støtte til familien og praktisk bistand som styrkar familien si evne til å stå i omfattande omsorgsoppgåver over tid
- Vi hjelper deg med ulike tiltak for å styrke deg til å leve godt i eigen heim • Vi sikrar heilskaplege og koordinerte teneste
Les meir om trinn 6 - Leve godt i eigen heim
Råd, rettleiing og opplæring (hjelp til sjølvhjelp)
- Bu- og bustadrettleiing- og oppfølging, tilpassing av bustad. Etablere tverrfagleg samarbeid knytt til nye bukonsept mellom byggesak, bustadutviklar og ergo/heimebaserte tenester
- Rettleiingstiltak barn, unge og familiar
- Foreldrerettleiing/foreldrestyrkande tiltak
Koodinering og plan
- Koordinator, barnekoordinator og individuell plan (koordinere ansvarsgruppe, IP)
Pårørande- og familiestøtte
- Pårørandestøtte
- Omsorgsstønad
- Homestart (støtte til unge familier)
Re-/habilitering og helseoppfølging
- Habilitering/rehabilitering
- Fysio/ergo
- Kvardagsrehabilitering i eigen heim
- Innsatsteam (innsatsteam/kartlegging)
- Tverrfagleg rehabiliteringsteam
- Kreftkoordinator
- Hukommelsesteam
- Velferdsteknologikoordinator
- Helseteknologirådgiver
Avlasting og omsorgstiltak
- Dagsentertilbod; eldre, demens, Rus/psykisk helse for vaksne, buhab vaksne
- Avlastingstiltak (time- og døgnbasert avlasting), privat heim
- Besøksheim/avlastingsheim
- Frivillig plassering i fosterheim
- Familieråd (Bufetat)/nettverksmøte
- Konfliktråd
- Mekling ved samlivsbrot
- Barnehage-/SFO-plass
- MST - multisystemisk terapi (Bufetat)
- Psykisk helsevern for barn og unge (BUP)
- Støttekontakt/fritidskontakt
- Foreldre-og-barn-institusjon (Bufetat)
Praktisk bistand
- Praktisk bistand (heimehjelp)
- Matombringing
- Heimkjøring av mat frå butikk
- Servicevert i ulike bustadkonsept (snørydding, grasklipping, søppel, vaktmestertenester, aktivisering) Alt. Arbeidstreningstiltak i samarbeid med Furene/NAV og ulike tiltaksmidlar
- Praktisk bistand – daglege gjeremål tilpassa den enkelte familie og brukar (samarbeid med frivilligheita)
- Brukarstyrt personleg assistanse (redusere BPA, alternative arena for skulefråfall f eks)
- Transporttenester til dagtilbod
- Hjelpemiddelsentral NAV
- Hjelpemiddellformidling (ergo og bestillarar)
- Frivilligsentral og andre frivillige
Digitale løysingar
- Digital heimeoppfølging
- Servicevert app (Nyby) evnt. utvikle
- Helsenorge.no
- Digihelse (Innbyggardialog)
- Planleggelitt.no og andre digitale løysingar
- Velferdsteknologi – Tryggleiksalarm
- Velferdsteknologi – GPS
- Velfersteknologi - medisindispensar
- Visma Samspill (elektronisk samhandlingsverktøy for arbeid med individuell plan)
Tilbake til trappa
Sist endra 04.05.2026 13:50